Hauka mannskor_400x267

Påskestart i Stangvik

Vakre vårtonar opnar påska i år. Palmesøndag blir det konsert i Bondehuset i Stangvik med svært dyktige utøvarar: Hauka mannskor, Tomas Lomundal (fele), Jo Inge Nes (trommer), Trygve Brøske og Else Bø (begge piano). Mannskoret Hauka kjem frå fjellbygda Hauka i Midtre Gauldal kommune. Koret har hausta heider og ære i både inn- og utland, og mellom anna sunge for paven i
Peterskyrkja.

Dei ti siste åra har koret vore leia av dirigenten Tove Ramlo, særleg kjent for arbeidet sitt med damekoret Cantus i Trondheim, som tidlegare har gjesta Stangvik kyrkje.

 

  

 

 

Konserten palmesøndag går altså like ved, i Bondehuset. Her får publikum servert eit knippe vakre songar med både norsk, svensk og dansk opphav, mellom andre "Ved Rondane" og  "Men går jag över ängarna". 

 

 

 

 

 

 

 

Søndagens vårkonsert er eit samarbeid mellom Stangvikfestivalen, grendalaget og
Bryå; sistnemnte serverer sekkjepåsse. Etter konserten er det påskegudsteneste i kyrkja. Sjå
omtale her!

 

 

 

Se www.stangvikfestivalen.no eller www.stangvik.no