Påskesong A Kor_700x317

Påskesongmessa i Åsskard

Den årlege «Påskesongmessa» i Åsskard kyrkje vart feira langfredag. Prest, organist, songkor og ei liturgisk dramagruppe formidla sentrale delar av innhaldet i høgtida.

Kvelden var delt fire bolkar. «Palmesøndag» opna med musikk av Handel og Nystedt, salmesong og kort tekstlesing. Under «Skjærtorsdag» fekk vi ei enkel dramatisering av Judas-sviket, før «Den stunda i Getsemane» vart sungen – framfor ei altartavle med nettopp dette motivet.

Sentralt stod «Langfredag» - med rollelesing av «Jesu Kristi Sju Ord på Krossen». Salmen «Naglet til et kors» og korsatsar av Franz Liszt, Edward Elgar og G.F. Handel vart knytt til lesinga. Ein enkel scenografi understreka bibelteksten.


Frå rollelesinga av «Jesu Sju Ord på Krossen». Sokneprest Bernt Venås flankert av Per Arne Hydlbakk (t.v.) og Kristian Settem.

I preika tok Bernt Venås utgangspunkt i nettopp Jesu sju siste ord (setningar). Del 4 «Påskedag» opna med at liturgigruppa framførte pantomimen «Frå mørke til lys». Her vart påskemorgon-dramaet skildra med bevegelse, lyseffekter og kontrasterande orgelmuskk av Johann Chr. H. Rinck.


Åsskard Kyrkjekor gjorde stor innsats. Her er altgruppa, med Kari Sæther (frå venstre), Kirsten Baadnæs Bøe, Inger Garthe og Randi Vetleseter Bøe.

Etter påskemotetten «Gled deg, mitt hjarte» av barokkomponisten Lallouette og salmen «Å salige stund» (med undertittel «Maria Magdalenas jubel») vart så messa tona ned att mot langfredags kveld med Mozarts Golgata-motett «Ave verum corpus» og orgelmusikk av Haydn.


Kirsti Hjørnevik (t.v.), Maja B. Dyrendalsli (t.h.) og Karen Oddny Gravvold og Mali Settem (med ryggen til) skildra påskemorgon med musikkpantomime.

I dramagruppa deltok Maja Bele Dyrendalsli, Kirsti Hjørnevik, Mali Settem, Karen Oddny Gravvold, Per Arne Hyldbakk, Sigfred Gravvold og Kristian Settem. Åsskard Kyrkjekor vart leia og akkompagnert av Bernt Gudrunson Bøe.

Og under kveldsmaten som Åsskard sokneråd serverte etterpå, var Kyrkjestua fullsett til siste plass.

 

...... Tekst/foto: Bernt G. Bøe ........

 

Altartavla i Åsskard kyrkje – talande bakgrunn for programmet.