Påskemusikk 02 Påskevandr STV

Påskemusikk i kyrkjene

Påska har ein rik musikkskatt. Kanskje er den mindre påakta enn julemusikken, men mange opplever også denne høgtida sterkt gjennom kyrkjetonane. Både her heime og verda rundt er og blir det framført mykje vakkert og variert i påska 2015.

Uttrykksfullt om «Dei siste dagane»

 Palmesøndag kveld var Rolf Hindhammer sitt pasjonsverk «Dei siste dagane» framført i Nesset kyrkje i Eidsvågen.

Dette verket består av ni orgelmeditasjonar med innfletta tekstlesingar og skildrar dei dramatiske påskehendingane frå Bibelen. Sokneprest Ragnhild Due deklamerte, og Erik Fostervoll  spela det krevande orgelpartiet – som er arrangert av Knut Anders Vestad.

 – Musikken varierer frå enkle, folketoneaktige parti til fransk katedralklang og toneklasar med opptil 4-stemmig pedal (2 x hæl+tå!), seier Erik Fostervoll etter konserten, som samla 50-60 i benkene. 

Rolf Hindhammer (frå Angvika) vart inspirert til dette verket under ein orgelkonsert i  Westminster Abbey i 1993. Om dramaeffektene seier han:  - Ein kan høre både spott og latter frå folkjemengda og Jesu rop frå korset! «Dei siste dagane» vart urframført i 2001.  

 

Klassisk og nyskapt i Åsskard

 Åsskard kyrkje har si årvisse «Påskesongmesse» - denne gong skjærtorsdag kveld kl. 21.00. (Tidspunktet er samordna med t.d. konserten i Todalen, sjå nedafor.)

Dette eit vandre-program frå palmesøndag til påskemorgon og med felles kveldsmat som fast innslag. Folk kan altså kombinere fjelltur, familieliv og andre ting med essensen av påskehistoria på ein kveld. 

Hovudaktørar er Åsskard Kyrkjekor, sokneprest Bernt Venås, organist Bernt Bøe, fiolinistane Anders Larsen og Synnøve Hammervold og songsolistane Sigrid Bøe, Nora Bøe, Kristian Settem og Per Arne Hyldbakk.

Mellom salmar og liturgi hører vi klassisk påskemusikk  – eksempelvis «Agnus Dei» frå Kroningsmessa og Kyrkjesonate i D-dur (Mozart), Franks «Panis angelicus» og satsar av Bach og Handel.

 Kvelden byr også på ei urframføring - nemleg «Sju Ord på Korset», tonesett av organist Bernt G. Bøe med utgangspunkt i gregoriansk musikk og nordmørske folketonar. Blant kjeldene til melodistoffet er Ola Romundstad (Rindalen), Hallvard Nordheim (Tustna), Johan Aasgaard (Åsskard/Stangvik) og Edvard Torvik (Stangvik/Surnadal) – alt nedskrive av Edvard Bræin i si tid.

Folketonane ligg ikkje alltid «oppe dagen», men pregar heile verket. I motsetnad til «Jesu Sju Ord på Korset» av dei store komponistane (Schütz, Haydn, o.a.) er det denne gong eit kor som syng Kristus-partia, i tråd med forståinga av kyrkjelyden som «Kristi lekam på jorda».

 

Folketonar og strykekvartett

 Årets påskekonsertar i regi av KKKK-Festivalen er lagt til  skjærtorsdag (Todalen kl. 16.30, Ålvundeid  20.00) og langfredag (Nordlandet 17.00, Øre 20.00). Her syng Unni Boksasp folketonar etter Magnhild Almhjell, John Røen og Gunnhild Tømmerås – delvis i arrangement av Henning Sommerro.

Strykekvartetten (Alex Robson, Jon Mehus, Anders Rensvik og Joakim Munkner) spelar  dessutan musikk av Edvard Grieg, Geirr Tveitt og Jean Sibelius.

 

Gjenhør med jubilerande mannskor

 Sunnmøre Kristelege Mannskor er eit namn som vekker gode musikktankar hos mange. Kven hugsar vel ikkje Geitviks «Himmelske Fader» med Randulf Saunes og dette koret frå Ønskekonserten?

Langfredag kveld gjestar dei Tingvoll kyrkje under leiing av Svein Eiksund. Koret fyller år om dagen, og jubileums-CD er med på turen.

 

Gudstenestene

 Også i dei mange gudstenestene i påsketida blir det framført musikk og symbolhandlingar som understrekar at vi er inne i årets aller største høgtid. Palmesøndag gjorde for eksempel Stangvik Jentekor mykje vakkert og uttrykksfullt under Påskevandringa i Stangvik – der barnehagebarn hadde dekorert påskekrybba og der vaksne deltok med dramatiseringar frå Bibelen.

Passjons-, høgtids- og friluftsgudstenester rundt i distriket er andre fine måtar å oppleve høgtida på.

 

Dei store musikkverka

Dreg du langt, kan du oppleve dei heilt store musikkverka som Bibelens påske har inspirert til. Bachs sterke og meditative «Johannes-pasjon» og «Matteus-pasjon» ragar vel høgast, men krev store ressursar. Handels «Messias» er ofte knytt til jula, men tolkar pasjon og påske minst like effektfullt. Også andre komponistar har tonesett påska – om dei enn er mindre kjende. Skulle eg slå eit slag for ein av out-siderane, vil eg i år anbefale Georg Philipp Telemanns «Pasjonsoratorium». Eg lovar at du blir rørt – ikkje minst når han skildrar Jesu blodsdråpar som «glitrande rubinar» ...

Du må nok som sagt dra langt for å høre desse storverka live, men kan du ikkje det, så unn deg ein god musikkandakt via CD, YouTube eller Spotify!

Og – ikkje mindre: Kyrkjene er flotte kulturhus, som også kan vise dei flottaste kunstverk vi finn i bygdene våre. Kor mange altartavler er ikkje inspirerte av nettopp dei dagane vi no er inne i?

 

God påske!

Påskemusikk 02 Påskevandr STV.jpg

Mette, Elise og Kirsten Marie under Påskevandring i Stangvik kyrkje palmesøndag i år.

 

Påskemusikk 03 Teilgaard TAVLE ÅLVUNDEID.jpg

Framfor skjærtorsdagsmotivet på Teilgård-tavla (1724) i Ålvundeid kyrkje blir det påskekonsert med folkemusikk og strykarar nettopp skjærtorsdag 2015.

 

Påskemusikk 06 KVELDSMAT.jpg

Åsskard: Felles kveldsmat hører påskesongmessa til.

Tekst/foto: Bernt G Bøe