15 Orgelet

Orgelkonsert i Ranes kyrkje

Tirsdag 28. oktober kl 19.30 blir det orgelkonsert i Ranes kyrkje. Orgeltekniker og kantor Espen Selbæk vil gi oss eit innblikk i arbeidet med restaureringa av det 100 år gamle Olsen&Jørgensen- orgelet, og vi får høyre orgelmusikk framført av kantor Øyvind Kåre Pettersen frå Trondheim.

Espen Selbæk.jpg

Orgeltekniker og kantor Espen Selbæk vil tirsdag kveld gi oss eit innblikk i arbeidet med restaureringa av det 100 år gamle Olsen&Jørgensen- orglet i Ranes kyrkje. Vi får sjå bilete  frå arbeidet og kanskje skjønar vi meir av kor stort eit handverk orgelbyggerkunsten er!

Vi får høyre orgelmusikk framført av kantor Øyvind Kåre Pettersen som kjem frå Trondheim. Han har gjennom mange år vore fast akkompagnatør til Nidarosdomens guttekor og spelar cembalo i orkesteret som framfører juleoratoriet av J.S.Bach kvart år i Nidarosdomen. 

Øye og Ranes sokneråd vonar at mange nyttar høve til å koma til Ranes kyrkje denne kvelden. Leiar i soknerådet, Karstein Svendsli, fortel at orgelsaka no er fullfinansiert og vil igjen rette ein stor takk til  alle som har vore med på å gjere det mogleg å restaurere orglet!

KOM og HØYR og SJÅ på resultatet av innsamlinga og dugnadsinnsatsen som lokale kor og korps ,solistar/instrumentalistar har vore med på, oppfordrar organist Oddveig Helset Halle.

15 Orgelet. Olsen & Jørgensen 1916.jpg