HLF logo

Oppdatering frå HLF Surnadal

HLF Surnadal har hatt årsmøte med vanlege årsmøtesaker. Under finn finn du oversikt over kva laget har drive med siste år og styresamansetjing i laget etter valet.


Årsmøtet vart halde på Surnadal sjukeheim og det møtte 25 personar, noko vi må seie oss tilfreds med. Ved årsskiftet hadde laget 141 medlemmar.
Årsmeldinga fortel om eit aktivt lag der medlemsmøta som vert halde 3 gonger i året samlar brukbart med folk. Til desse møta er det kvar gong eit aktuelt tema som blir teke opp, og det blir henta inn folk utanfrå som held innlegg om dagens tema.Det kan vere ting som skjer i lokalmiljøet til nytte for alle der frivillige medhjelparar kjem og fortel om arbeidet sitt.


På årsmøtet hadde vi besøk av Håkon Leikarnes frå HLF Molde som fortalte om aktuelle ting som skjer innafor HLF sitt arbeid.
HLF Surnadal har kvart år ein sommartur, turen i år gjekk til Vangshaugen i Grødalen i flott augustver.
Når det gjeld valga frå årsmøtet ligg dette inne på HLF Surnadal si medlemsside på Trollheimsporten.

Etter   HLF Surnadal sitt årsmøte 13. februar 2020 vart desse tillitsvalte fram til neste årsmøte:


Styreleiar: Anders Garte
Nestleiar:  Torgrim Tunes
Kasserar:   Brynhild Tjelle
Sekretær:  Oddvar Kvande
Styremedl.: Anders Fiske
Varamedl.:  Odd Ulvund


Revisorar: Jon Olav Ørsal og Gudmund K.Kvendset
Valnemnd: Ove Ranes, Odd Magne Gulla, Ola Halle.
Utsendingar til HLF Møre og Romsdal sitt fylkesårsmøte i Ålesund 7.- 8. mars
Anders Garte, Brynhild Tjelle, Oddvar Kvande


Innsendt av Oddvar Kvande, sekretær
 

HLF Surnadal (Hørselshemmedes Landsforening) er medlem i Trollheimsporten