Kor e vi_1024x683

Opningskonsert i regn

Ikkje eit einaste minutt opphaldsvær vart det under opningskonserten til Norsk laksefestival tidlegare i kveld. Dette sette dessverre sitt preg på konserten der kor frå årets korslag og band frå Kulturskulen leverte song- og musikkinnslaga. Publikum regna meir og meir bort utover i konserten, noko som var synd, for dette var verkeleg artistar som hadde fortent eit mykje større publikum. Artistane på scenen let uansett regn vera regn og heldt trykket oppe til siste slutt.

Dei som stod på scenen, var alle artistar vi kjenner godt frå før frå ulike arrangement i Surnadal, anten dei no er unge eller vaksne. Både dei tre kora frå korslaget og dei tre banda frå Kulturskulen for indre Nordmøre leverte som forventa godt. Kora hadde fått postane først i programmet, og dette gjorde nok at dei hadde eit langt større publikum enn banda som kom etterpå. Dette var nemleg ein konsert der det pipla ned frå start til slutt. Både artistar og publikum får pluss i boka for å halde stemninga oppe under såpass dårlege værforhold!

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

Alle foto: Norunn Holten

Kor e vi_1024x683
"Kor e vi"? På laksefestival!
Trøkk_1024x683
Skikkeleg "Trøkk"!
Knock out_1024x683
"Knock Out" i storslag.
Thunder_1024x683
"Thunder"!
Intelligent Turtles_1024x683
"Intelligent Turtles".
Emergency_1024x683
Ingen "Emergency" for bandet sjølv om dei stilte med vara for vara.
Humør_1024x683
Innslag med "Humør".
oversikt
Inga hjelp å å få hos værgudane i kveld....