tp_leserinnlegg

Om lobbybar på Surnadal Kulturhus

Som kommunestyremedlem og deltakar i prosessen i kommunestyret, vil eg kome med nokre fakta og tankar om saka. Det dreier seg om at Surnadal kommune og Thon Hotell Vårsøg har utarbeidd ein ny samarbeidsavtale. 

Da har Thon Hotell Vårsøg, eit knapt fleirtal i Surnadal kommunestyre og rådmannen fått det som dei ville: DET ER GJORT VEDTAK OM AT DET SKAL BYGGJAST LOBBYBAR I FOAJEEN PÅ SURNADAL KULTURHUS! 27/4 har Driva ein reportasje om dette, og på biletet ser vi 6 personar på rekke og rad, deriblant rådmannen og 2 etatsjefar i kommunen. Dei ser så stolte ut at ein kan tru dei har funne opp krutet. Det dei er så tilfreds med, er at dei har fått til noko så lite kreativt og lite  originalt som å legge til rette for alkoholservering i kulturhuset. Eg ser dei har endra namn til Kult-Kafé; er det eit forsøk på å forfine det heile? Eg kjem til å bruke ordet lobbybar i dette lesarinnlegget,det er det som står i avtalen som vart vedteke på siste kommunestyremøte.

Som kommunestyremedlem og deltakar i prosessen i kommunestyret, vil eg kome med nokre fakta og tankar om saka. Det dreier seg om at Surnadal kommune og Thon Hotell Vårsøg har utarbeidd ein ny samarbeidsavtale. Dei har drøfta seg fram til ein avtale på 4 punkt, som rådmannen tilrår. Saka har vore oppe til debatt på to kommunestyremøte, den 13/2 og 5/4. Tre av punkta i avtalen handler om økonomi. Men det punktet som vart mest omstridt og diskutert var punkt 2, som lyder slik: «Surnadal kommune er positiv til at Thon Hotell Vårsøg skal få byggje lobbybar i foajeen på Surnadal Kulturhus.» Hotellet set det som krav for vidare samarbeid med kommunen/kulturhuset.                                                                                                          

Ut ifrå det KrF står for og slik vi kjenner dei lokale tilhøva,kunne ikkje KrF støtte ein slik avtale. Difor fremja eg som KrF-representant følgjande motforslag: »Surnadal kommune er IKKJE positiv til at Thon Hotell Vårsøg skal få byggje lobbybar i foajeen på Surnadal Kulturhus, p.g.a. at  barn og ungdom vankar der dagleg og har kulturhuset som tilhaldstad for mange aktivitetar».                                                                                                                                      

 På første møtet (13/2) dette vart behandla, verka det som om  mange representantar vart overrumpla av innhaldet i saka, og det er ikkje rart når ein får utdelt sakspapir på fleire sider der og da, som ein får nokre minutt på å lese igjennom før den vert behandla. Det foregjekk slik, p.g.a.at saka er unnateke offentlegheit.(Kan det verkeleg vere rett at ei så til de grader offentleg sak vert unnateke offentlegheit?!) Motforslaget til KrF fekk berre 2 stemmer. Dette snudde seg til det neste møtet (5/4), da saka kom opp igjen. Denne gongen  kom mange representantar med gode og gjennomtenkte innlegg MOT lobbybar i kulturhuset. Resultatet vart at KrF sitt motforslag mangla berre ei stemme på å få fleirtal!                                

Eit tankevekkjande samantreff var at  på same møtet som nemnde vedtak vart gjort, hadde vi ei orienteringssak om bekymringsmeldinger frå ungdomsskulen og vidaregåande skule til politietaten i Surnadal om rusmisbruk mellom elevane. Fire frå lensmannskontoret var med under orienteringa. To av dei var politistudentar som var i gang med kartlegging av elevane sine rusvanar. På same møtet hadde vi og ei referatsak om folkehelseprofilen for Surnadal kommune 2018. Eit av punkta der var at Surnadal har eit vesentleg høgare antal ungdommar som drikk seg berusa enn resten av fylket og landet elles  har. Gjev vi da dei rette signala når vi vedtek å byggje bar i Kulturhuset?                                                                                                                            

Ein kan og lure på om vedtaket er lovleg? I rusmiddelpolitisk handlingsplan for Surnadal kommune paragraf  5.2 punkt 7 står det at det KAN bli gjeve skjenkeløyve i kommunale bygg MED UNNTAK AV SKULEBYGG. At kulturhuset rommar ein offentleg barne-og ungdomsskule er det vel ikkje noko tvil om. 250 KULTURSKULE-elevar er innom ein eller fleire gonger i veka! Og dei utgjer berre ein del av alle  barn /ungdommar som held til på kulturhuset med diverse aktivitetar, slik som bibliotekbesøk, kino, øving på rockerommet, mange skuleforestillingar  m.m.                                                                       

Vi kan så gå tilbake til kommunestyremøta og  argumenteringa for lobbybar.Der høyrde vi argument som:  »Ikkje verre med skjenkeløyve på kulturhuset enn på ein privat restaurant -Ingen barn tek skade av å sjå eit ølglas -  Ingen barn blir alkoholikar av å sjå eit ølglas».

Tynne greier,etter mi meining.   Det vi veit er at blant  barna som går  inn og ut av kulturhuset,  er det mange som har foreldre som er alkoholikarar.  Det er faktisk 1 av 10 barn som lever med ein forelder som slit med alkoholproblem. I tillegg er det mange fosterbarn som ikkje ein gong kan bu hos foreldre sine  p.g.a. rusmisbruk. Desse barna er vel blant dei mest sårbare menneska vi har blant oss. Det er ingen tvil om at desse, og alle andre barn og ungdommar skulle ha vore skåna frå å kome inn på eit kulturhus med alkoholservering når dei skal på aktivitetar i fritid og skuletid.                                                                                                    

Denne saka viser at samarbeidet mellom hotellet og kulturhuset aldri skulle ha vore oppretta. Hotellet er ei privat verksemd og har SINE mål og interesser. Kulturhuset som er ALLE innbyggjarane i kommunen sitt hus, burde  ha litt ANDRE mål og interesser.             

Eigentleg  er det uforståeleg at ei slik sak kjem på sakskartet. Både kommuneansatte, hotelldrivarar og politikarar burde ha forstått at ein ikkje kan  opprette bar i eit hus som rommar det Surnadal Kulturhus gjer.                                            

URYDDIG, UKLOKT ,TANKELAUST!

 

Mali Hildrun Settem.

Surnadal Krf