Frode Andresen og Olaug Kvendset

Olaug Kvendset fekk ”Røktarprisen”

Måndag kveld var årets siste ”Kløverstukveld” for i år, med mange tilstades i Fokus-bygget. På denne kvelden er det tradisjon med utdeling av ”Røktarprisen”, som i år vart delt ut for 17. gong, skriv Todalen.no. I år gikk prisen til Olaug Kvendset og Asgeir Longva frå Todalen.


Det var veterinær Frode Andresen som delte ut prisen, som i år gikk til Olaug Kvendset og Asgeir Longva frå Todalen. Olaug og Asgeir fikk røktarprisen for godt og omsorgsfullt husdyrhald, og det inneber eigentleg mykje, både direkte og indirekte i samband med dyrehaldet. – I tillegg til etikk og omsorg for dyra, er det lagt stor vekt på gode produksjonsresultat og at forskriftene er etterlevd på best muleg måte.


Det er dei 3 bondelaga i Surnadal, saman med veterinærane og Produsenttenesta som i dag står attafor Røktarprisen, og Olaug tykte det var utruleg kjekt at dei fikk prisen. – det ga ein god følelse etterpå, og vi takkar både på eigne og familiens vegne. Olaug hadde nemleg ryggprolaps for eit par års tid sia, og har hatt god hjelp i fjøset i denne perioden. Men ho har likevel heldt eit auge med kva som har gått føre seg i fjøset. – Det har stor betyding for økonomien i drifta at dyra trives og at dei er ved god helse, så det meiner ho er ei god investering.
 

Bildet over: Veterinær Frode Andresen og prisvinnar Olaug Kvendset
 

Les meir om Røktarprisen og vinnarane Olaug og Asgeir på Todalen.no:
Olaug Kvendset og Asgeir Longva fikk ”Røktarprisen” for 2014

 

Tekst/foto: Jon Olav Ørsal/Todalen.no