Annonse:

Ny bygdebok før jul!

Band 2 av det nye bygdebokverket for Surnadal er like om hjørnet! Det blir offisiell lansering i Bondehuset i Stangvika den 12. desember, men vi tjuvstartar med boksalget alt laurdag 9. desember.

Da vil folk frå bygdebokprosjektet vera på plass ved Coop Ekstra på Skei med rykande ferske eksemplar av den nye boka.

Årets bok omfattar området frå Brøskja til Kvanne, og har blitt til takka vere mykje god hjelp frå frivillige, samt mange og gode bidrag frå lokalbefolkninga. Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkomne på lanseringa! Det vil bli ein presentasjon av boka og arbeidet med henne.  Etterpå blir det kaffe og kake, og mulegheit til å bla i eller å få kjøpe boka.

Elles vil det vera muleg å få kjøpt boka:
Onsdag 13. des kl. 12 – 17 på Coop.
Torsdag 14. des. kl. 12 – 17 på Coop.
Fredag 15. des. kl. 12 -17 på Coop.
Laurdag 16. des. kl. 11 -15 på Amfi.
Fredag 22. des. kl. 12 -17 på Amfi.

Både band 1 og 2 vil dessutan alltid kunne kjøpast på Surnadal folkebibliotek.

Framside bind 2.png

Eksempelside.png