Minneord b Kyrkjekoret red

Minneord på nasjonaldagen

Ved kyrkjene i Stangvik, Todalen og Åsskard var det også i år minnemarkering ved soldatbautaene i samband med gudstenesta 17. mai. Tre soldatar frå desse bygdene mista livet krigsvåren for 75 år sidan.

Ved grava til Halvor Røen ved Stangvik kyrkje deklamerte ordførar Lilly Gunn Nyheim eit vakkert dikt skrive av Trygve Halle Vang. Ho knytte også nokre eigne tankar til  minnet om 22-åringen som døde etter slaget i Gratangen i april 1940.

I Todalen heldt Eivind Hasle tale ved bautaen som ber mange namn (heilt frå 1807) på soldatar frå bygda. Anton Husby – fødd i Todalen og oppvaksen på Surnadalsøra - sette livet til da panserskipet «Norge» vart senka på Narvik hamn 9. april 1940.

Gunhild Bøklep Bøe la blomster på grava til bøfjordingen Gunnar P. Bøe ved Åsskard kyrkje. Han fall i Gratangen 25. april 1940. I tråd med tilbakeblikket på tragediane den gongen minte talaren om alle dei barn og andre som lever under krigens redsler verda rundt også i dag. Åsskard Kyrkjekor song «Ingen lit de parade» - ein sterk og gripande tekst skriven av sambygdingen Ivar Solem.

Sjølv om 70-årsminnet for frigjeringa vart grundig markert 8. mai i år, vil sokna halde fast på å heidre sine unge som gav livet for fedrelandet under krigen 1940-1945.

Minneord a Gunhild Bøkl Bøe_690x615.jpg

Gunhild Bøklep Bøe med tankevekkande ord ved bautaen over Gunnar P. Bøe.

 

Ingressfoto: Åsskard Kyrkjekor song i gudstenesta og ved minnehøgtida.

Bernt G. Bøe.