SIL-Elnesvågen 1_350x261

Med helikopter frå fotballkamp til Korslaget

Kjetil Rønning (bildet), Henrik Blekken og Trond Blekken er både fotballspelarar for Surnadal og medlemmer i Åsskardkoret. Laurdag ettermiddag skal dei i aksjon både i bortekamp mot Træff og det store Korslaget i Surnadal Idrettshall eit par timar seinare. Det klarar dei ved hjelp av helikopter!

Rundt 200 songarar fordelt på sju lokale kor er med i Korslaget i idrettshallen. Alle kor er godt i rute, men for eitt av kora oppsto det ein uheldig krasj av arrangement, skriv Tidens Krav.

Tre av bassistane i Åsskardkoret spelar nemlig på a-laget til Surnadal i 3. divisjon. Surnadal har bortekamp mot Træff med kampstart klokka 1500 laurdag. Det betyr at kampen i Molde er ferdig omtrent akkurat når korslaget skal starte i idrettshallen i Surnadal. Med to timer køyretur i bil, så det difor svart ut for bassistane. Løysinga vart at eit anna kormedlem, Gøran Settemsdal, gjennom sitt nyetablerte firma Malia Surnadal på Syltbakken, betaler for helikopterskyss for dei tre fotballsparkande bassistar.

– Med helikopter tek turen cirka 20 minutt. Dermed skal vi rekke både kamp, dusj og korslag, seier Kjetil Rønning til Tidens Krav.

Dette skal dei ulike kora framføre under Korslaget:

Åsskardkoret (korleiar Mona Rønning, musikalsk leiar Hanne Bæverfjord): "Lean on me" og "Here I go again".

Fjordkoret (korleiar og musikalsk leiar Janne Husby): "Can you feel the love tonight" og Tina Turner-medley.

Bøgdeungdommen (bilde nr. 2. Korleiar Silje Ranes, musikalsk leiar Brage Kristian Einum/Sigrid Bøe): "Can you feel the love tonight" og "Don't stop me now".

Sentrumkoret (korleiar Eva Indergård, musikalsk leiar Elin Blomstrøm)): "Gabriellas sang" og Afrikansk tone.

Feltkoret (korleiar Åse Torill Solli, musikalsk leiar Rolf Arne Berg): "Lean on me" og "Rehab".

Stangvik/Kvanne/Todalen (korleiar Wenche Melkild, musikalsk leiar Jo Inge Nes): "Can you feel the love tonight" og "Viva la Vida".

Heimattkoret (korleiar Bente Krangnes Edvardsen, musikalsk leiar Ingebjørg Loe Bjørnstad): "Money money money" og Ladies choice".

I tillegg skal kora ha "You raise me up" som fellesnummer.

Surnadal Sparebank står bak korslaget, der publikum kårar vinnaren gjennom ei SMS-avstemming i hallen. I tillegg skal både kora sjølv og ein jury kåre sine favorittar. Kvart kor har på førehand bestemt seg for eit godt føremål å gi pengepremien til.

Korslaget går av stabelen i Surnadal Idrettshall laurdag 9. oktober klokka 17.00. Publikum blir oppfordra om å møte i god tid, for billettar blir berre selt ved inngangen, og det er ikkje plassbillettar. Pris: 20 kroner per person. Håndballgruppa vil ha open kiosk, slik at det er høve til å kjøpe seg kaffe, brus osv.

Les meir om korslaget her.