Picasa

Lysande konfirmantar

Søndag kveld, 2. søndag i advent, var det  lysmesse med prest og konfirmantar i Øvre Rindal kapell. Nedafor kan du lese preika til Lene prest og sjå bilde frå konfirmantinnslag  i gudstenesta.

Adventslysa vart tennte.

 

Lysmesse Øver Rindal kapell 7.desember 2014 – 1 Kor 15,50-57 .

"Men det sier jeg, søsken: Kjøtt og blod kan ikke arve Guds rike, og det forgjengelige skal ikke arve uforgjengelighet.

Se, jeg sier dere en hemmelighet: Vi skal ikke alle sovne inn, men vi skal alle forvandles, brått, på et øyeblikk, ved det siste basunstøt.

For basunen skal lyde, de døde skal stå opp i uforgjengelighet, og vi skal bli forvandlet.

For det forgjengelige må bli kledd i uforgjengelighet, og det dødelige må bli kledd i udødelighet. Og når dette forgjengelige er kledd i uforgjengelighet og dette dødelige er kledd i udødelighet, da oppfylles det som står skrevet:

           Døden er oppslukt, seieren vunnet.          
    Død, hvor er din brodd?
           Død, hvor er din seier?

Dødens brodd er synden, og syndens kraft er loven. Men Gud være takk som gir oss seier ved vår Herre Jesus Kristus!"

Så langt ser Paulus. Me veit ikkje kvar han ser Korint-menigheita ifrå, men han ser langt. Og Paulus ynskjer så veldig at Korint-menigheita må få sett og skjønt og trudd på det same som han.

Ikkje fordi Paulus er ute etter å manipulere og tvinge korintarane under seg og si eiga indoktrinering. Snarare tvert imot: Kan Korintmenigheita sjå opp og fram, blir det enklare for dei å leva. Dei får eit håp halde opp for seg. Eit godt håp – kall det gjerne levande håp.

Det er mesta så me kan sjå for oss Paulus med fjør og blekk og papyrus, der han skriv så det smell i arket, der han skriv så blekket sprutar og kanskje fjørspissen blir oppsplitta i pur iver og glede.

Og så byrjar han å skrive om hemmelegheiten. Den store hemmelegheiten som så alt for få har noko forhold til.

Hemmelegheiten er god. Hemmelegheiten er både robust og slitesterk. Og hemmelegheiten blir ikkje mindre sann om me veit kva den går ut på - .

Kyrkja har bore på og levd med denne hemmelegheiten i hundrevis av år. Nesten like lenge som me har hatt tidsrekning med utgangspunkt i når Jesus vart født, har me hatt denne hemmelegheiten. Og ja, den har ganske så mykje både med Jesu fødsel og Jesu død å gjera.

Kanskje kan det bli lettare å gripe og begripe kva eg talar om dersom me tek ein aldri så liten omveg? Ein aldri så liten pedagogisk snutt bortom sumarfugl-livet.

For veit me litt om korleis sumarfuglar lever og utviklar seg, veit me òg litt om kva Paulus sit og skriv om Hemmelegheiten med stor H.

Nokon har sett den vesle larva som blir til puppe. Og alle har me vel uansett eit visst teoretisk forhold til kva som skjer??

Når larven er puppe, når larven har surra seg inn i eit nett av det som ser ut til å vera gamal og grå lort, då ser ho heilt død ut. Kjem nokon borti ei puppe, så er det mesta berre for eit stort rusk å rekne. Ein kan då aldri tru at det skal finnast levande vesen inne noko som er så grått og daudt??

Men det me ikkje veit, er at larva held på å vekse inni denne grå og uanselege puppa. Det skjer noko me ikkje kan sjå, men det skjer uansett. Larva får vengjer. Når tida er inne og larva er klar, så kravlar ho seg ut av puppa si. Kva vart ho til – om ikkje den finaste og mest forseggjorte og fargerike sumarfugl??

Me må gjerne knytte håpet vårt i hop med alt me veit om sumarfuglar. Om det ser ut til å vera både daudt og ekkelt, tilgrisa og grått, så er det ikkje slik det skal bli.

Det kan sjå ut til at alt som gjer vondt og døden inklusive skal vinne. Det er så mange som døyr av sjukdom og svolt. Det er så mykje av både ulukker og små og større katastrofer. Me kan bli lei oss sjølve og lei av kvarandre. Det som gjer vondt er på mange vis ein del av verda me lever i. Dermed er også det som gjer vondt ein del av oss.

Men Jesus har lova oss at det vonde ikkje skal vare ut og bort. Det er ikkje døden som skal ha siste ordet. Det menneskeheita har øydelagt skal ikkje vera knust og øydelagt for alltid.

Ein dag skal alt bli heilt og heilagt, fint og vakkert. Absolutt alt skal vera godt. Det skal ikkje lengre vera nokon som er døde. Folk skal ikkje lengre få til å gjera vondt korkje mot seg sjølve eller mot kvarandre. Det skal endå til bli ein ny himmel og ei ny jord der alt er godt – og eg må berre seia det: Eg er ganske så spent på korleis det skal bli.

Fortsatt er dette som ein hemmelegheit for oss. Me veit ikkje korleis det skal bli. Men nokre teikn kan me ta til oss:

Stadig er det slik at Det Gode, med stor D og stor G vinn små og store kampar.

Me må gjerne sjå til fredsprisvinnarane av 2014-årgangen for å finne eksempel på det gode i funksjon.

Malala som dei fleste av oss føler oss på fornavn med, forsvarer borna og særleg jenteborna sin rett til å gå på skule. Ho vart truga og ho vart skutt – men ho overlevde mirakuløst nok. Vart det så ho heldt kjeft etter dette?? Ånei, ho vart berre endå meir ivrig. Tøffe, vesle Malala frå Pakistan.

Og så var det han andre: Kailash Satyarthi, han inderen som ikkje er redd for å hjelpe born ut av barnearbeid. Dei som tener pengar på barnearbeid, gjer alt dei kan for å få Kailash Satyarthi til å slutte. Men det gjer han ikkje. Så langt er 80.000 barnearbeid-born befridd takka vere innsatsen til Kailash Satyarthi og organisasjonen Bachpan Bachao Andolan.

Og me må gjerne sjå til Mot-arbeidet som er stort og sterkt her i kommunen. De lærer til de veit det at me er like mykje verd uansett kva me måtte meine, uansett korleis me er utrusta intellektuelt eller fysisk, uansett absolutt alt.

Kvar gong menneske kjempar for det gode, kan me sjå teikn til at den store hemmelegheiten Paulus skriv om er sann. Det Jesus fortalte oss og Paulus skriv om er sant. Ta blir!

Hemmelegheitar skal me halde på. Me skal vera til å stole på, må vita.

Men når Paulus skriv om Jesus og kallar det ein hemmelegheit, så er det meininga at dei som har sett, skjønt og forstått samanhengen mellom Jesu liv og vårt liv, forstått samanhengen mellom ei grå puppe og nytt sumarfuglliv – at dei – eller var det me??! må dele det med andre.

Me må dele med andre at vondskapen og det Paulus kallar forgjengelegheit ikkje skal få siste ordet.

Visst skal våren komme, visst skal jorden bli ny! Jesus er den nye seierherren. Han kjem i ein fødsel i ein stall. Han blir korsfesta og gravlagt. Han står opp frå dei døde. Og han lever og skal aldri i evigheit døy.

 


Dette er berre halvparten av den kvitkledde konfimantflokken.


Konfirmantane tennte den 7-arma lysestaken til lesing av profetiar frå Det Gamle Testamentet.


Stilig oppstillig til utmarsj.