2014-09-27 03

Lynet starta kyrkjebrannen

Politiet har avslutta etterforskinga av brannen i Rindal kirke. Konklusjonen er at naturkrefter har skulda for brannen. Dette melder NRK Møre og Romsdal i dag.

Det var natt til laurdag at brannvesenet fekk melding om at den 140 år gamle trekyrkja i Rindal stod i brann. Vitne såg flammar velte ut av kyrkjetårnet. Det lokale brannkorpset kom raskt til staden og klarte å berge den gamle kyrkja frå å brenne ned.

No har politiet avslutta etterforskinga og konkludert med kva som var brannårsaka.

– Det er lynet som starta kyrkjebrannen, seier lensmann Helge Berg.

Det var usedvanleg mange lyn langs norskekysten i helga, og lynet vart tidleg peika på brannårsak, skriv NRK Møre og Romsdal i dag.
 

Foto: John Storholt


Klikk her for å lese artikkelen og sjå dei gode filmreportasjane som NRK laga i Rindal kirke etter brannen i helga.