Litteratur på museet

Olav Gullvåg-biografien "Bladmann og bokmann" var hovudinnslaget på museet i Bøfjorden søndag. Lektor Eivind Hasle kåserte friskt og informativt ut frå boka han har skrive om bestefaren.

Litteratur a_690x490.jpg
Eivind Hasle (t.v.) med boka si om bestefaren og med årets program frå olsokspelet på Stiklestad. Til høgre Gunnvald Bøe med 2016-utgåva av dialektheftet «Teft og tykkje».

Bernt Bøe presenterte museets nyutgåve av dialektheftet "Teft og tykkje" og drog forsamlinga aktivt med gjennom ein liten premiekonkurranse i dialektord.

 

Kontroversiell

Redaktøren, spel- og romanforfattaren, venstrepolitikaren, fråhalds- og norskdomsmannen Olav Gullvåg (1885-1961) var ein uvanleg tydeleg profil i samfunnsliv og debatt i første del av 1900-talet. (Nedafor: Ein ung Olav Gullvåg)

Litteratur c Gullvåg Olav Skien 1913.jpg

Kontroversiell var han også. Gullvågs idealisme i motkulturar som nasjonal sjølbevissthet og målsak medførte sjikane, ja endatil fengsling. Men same mann vann suverent konkurransen om beste kantatetekst ("Heimferd") til Olavsjubileet i 1930. Likevel - fordi han ivra for bynamnet Nidaros og skreiv nynorsk, vart han så å seie avvist i "Trondhjem" - som "en forlaaren sønn"! Og verket vart ikkje oppført der før sju år etter feiringa!

 

Romansuksess

- Etter arbeid som journalist og redaktør m.a. i fødebyen Trondheim, Ålesund, Skien og Bergen og opphald i Italia (dit heile familien gjekk til fots!) vart bladmannen Gullvåg meir bokmann, sa Eivind Hasle.

Romanen "Det byrja ei jonsoknatt", den første av ti bøker i ein stor ætteserie, gjorde knallsuksess. Ikkje minst slo den an i Tyskland - der "Es begann in einer Mittsommernacht" gjekk ut i 400 000 eks på 5-6 år.

 

Spelet om Heilag Olav

Hasle dokumenterte grundig at bestefaren bør bli hugsa for langt meir enn teksten til det årlege "Heilag Olav"-spelet på Stiklestad, om det enn er dette folk flest i dag knyter namnet Olav Gullvåg til. - Spelet vart forresten til i det små, som innslag på eig slektstreff i Verdalen, fortalte kåsøren.

Men dette "Natterast på Sul" hadde kvalitetar til noko meir og vart, med Paul Okkenhaug sin musikk, det kanskje mest besøkte sogespelet i landet.

For Eivind Hasle var det difor særleg interessant å få halde foredrag om bestefar Olav Gullvåg under årets olsokfest på Stiklestad. Noko han altså gjentok på museet i Bøfjorden sist søndag.

Tekst/foto: Bernt G. Bøe

Litteratur b_690x503.jpg

Bordkonkurransen i dialektord fengsla publikum. Nærast frå venstre Sjur Fedje, Dordi Husby Fedje, Tor Holten, May-Elisabeth Holten og Kirsten Baadnæs Bøe.