Langs gamle vegar

Søndag fekk ca 40 frammøtte på museet i Bøfjorden høre og sjå om gamle vegar i distriktet vårt.

Foto 4 Arbeidarar.jpg
Nokre av dei som bygde vegen over Nordmarka. Frå venstre Nils Røymo, John Bævre, John Settem, Martinus Gjengstø og Sivert Sæterbø. (Fylkesarkivet)
 

Bernt Bøe viste bilde og fortalde om kvar mange av dei gamle traseane hadde gått, og kor arbeidssamt det var for dei som bygde vegane der vi no susar av stad med bilane våre.

Vi fekk høre om hovudvegen frå Bergen til Trondheim, som gjekk gjennom Surnadalen, om postvegane – m.a. frå Surnadal over Nordmarka til Bæverdalen, Valsøyfjorden, Tustna og Kristiansund – og om bygdevegane, som enno er synlege mange plassar.

Vegen langs stranda til Todalen var eit langt prosjekt og vart ferdig først i 1898. Rundt 1850 var det og påbegynt veg mellom Todalen og Oppdal, men aldri fullført.

Like eins vart det i 1827 starta vegarbeid mellom Halsa og Bøfjorden via Kallset. Det vart heller ikkje ferdig, men vi kan sjå restar mellom Kallset og Kvalnesvika.

Det har vore mange endringar på vegane opp gjennom åra, som ved Liavatnet og Åsskardhøgda. Og dramatiske ting har skjedd langs rutene. I siste del av 1800-talet vart det funne skjelett av eit barn ved Liavatnet og av ei mor og barnet hennar ved Snekkvikhamrane.

Ein langt artigare episode skjedde ved gammelvegen på sørsida av elva i Settemsdalen. Skrotten av den siste bjørnen som var skoten der, vart sett opp i vegkanten. To karar som kom forbi, vart vettskremte og la på sprang derifrå.

Eit imponerande arbeid har vore gjort for å skaffe folk mulegheit til å koma seg fram – og det berre med slegger, hakker og spader. Vi finn såleis murar over alt i marka der vegane gjekk.

Foto 5 Svinvikhamrane.jpg
Frå vegarbeidet i Svinvikhamrane. (Foto frå Todalen Historielag)

Foto 6.jpg
Setervegen opp Steinbakken frå Flessa. (Bøfjorden Historielag)
 

Det vart vist foto av mura kløvjeveg og skulesti mellom Flessa og Trodalen og like eins den høgmura setervegen opp Steinbakken – laga m.a. for å få heim markahøyet på Flessastranda. Under arbeidet med Nordmarksvegen på 1930-talet fann dei til og med kvalbein oppe i lia frå Bæverfjord!

Foto 3 Anna og Kari.jpg
Anna Holm og Kari Bøklepp sørga for kaffe og kake til museumsgjestane. (Foto Randi V. Bøe)
 

Etter kåseriet på museet vart det vandring til Bakkabukta. Vi fekk høre at fiskebåten «Skrøyfa» vart bygd rett nedafort museet og at namnet på fartyet kjem frå elva som renn ut samme stad. Vi såg på gamle vegar og bruer, fekk vite om sagdrift frå 1700-talet og om personar som har sett spor etter seg. Det kom mange innspel frå medvandrarar som hadde interessante ting å fortelje.

Foto 1 Brukaret Øyvind Silset th.jpg
– Sjå, der er det gamle brukaret! peikar Øyvind Silset (t.h.) ved Skrøvsetelva. Dei interesserte er frå venstre Nils Holm, Einar Bøe, Inger Solem, Gunnvald Bøe, Gunda Bele, Bjørn Kvalnesvik, Oddmund Gravvold, Jon Bruset, Steinar Skrøvset (delvis skjult), Bernt Bøe og Oddvar Bøklepp. (Foto Randi V. Bøe)
 

Foto 2 Gyda om GmlEdv.jpg
Gyda Stolsmo (nærast) fortel om bestefar sin, notbasen Edvard Settem – som fiska mykje sild både her på Bakkabukta og rundt på nordmørsfjordane. Oddvar Bøklepp (nummer tre frå høgre) var lettbåtroar for Gammel-Edvard og hadde også mange historier om den legendariske sildbasen. (Foto Randi V. Bøe)
 

Og sola skein og viste Bøfjorden frå si aller beste side.

 

Tekst og foto: Randi Vetleseter Bøe