laksevorpa

Laksevorpa - Frå velstandskjelde til kulturminne

Kroknes laksevorpe i Halsa var temaet på møtet nyleg i Indre Nordmøre Senioruniversitet. Einar Oterholm fortalde med ord og bilde om den fantastiske laksen, om laksefisket som ein gammal grunneigarrett langs sjø og elv, og om laksevorpene som ein gammal fangsmetode. På 1720-talet var det vel 40 laksevorper rundt om på Nordmøre. Men frå 1840-talet tok kilenota over, og konkurrerte etter kvart ut vorpene.

Kroknes laksevorpe i Halsa er truleg den vorpa som har lengst historie i Noreg. Ho går tilbake til 1400-talet, og Oterholm gjorde greie for både vorpekonstruksjonen og dei kompliserte eigedomsforholda fram til dagens situasjon. At vorpa var verdifull, gir dei mange rettssakene om eigedomsretten dokumentasjon om. Dagens eigendomsinnehavarar var representert på møtet, men den siste ordinære fangstsesongen var i 1974. Men i 2019 er laksevorpa restaurert, og det har vore fiska litt i sommar, og siktemålet no er å få restaurert vorpa og vorpehytta som eit interessant kulturminne.

Eivind Hasle



Bildet: Kroknes laksevorpe