laks_250x333

Laksen bit godt i Surna

I løpet av forrige veke vart det landa 126 laks i Surna. Så langt denne sesongen er det teke heile 2716,8 kilo med laks, og det er lenge sidan fangstane har vore på dette nivået over såpass lang tid. 12 år gamle Mads Gundersen tok 1. juli ein laks på solide 11,4 kilo, noko som ga han ein plass på "Ti på topp"-lista så langt.

Statistikken på nettstaden surna.no viser at laksefisket så langt i år har vore svært bra. Frå sesongstarten 1. juni til og med søndag 4. juli vart det landa 436 laksar, noko som er nesten dobbelt så mange som i same tidsperiode i fjor. 79 av dei 126 laksane som vart landa i forrige veke, var i vektklassen 3-7 kilo, medan 27 laksar var over 7 kilo.

"Ti på topp"-lista over laksefangsten i Surna så langt i år ser slik ut:

1. Finn Ove Kaldvansvik - 16,6 kilo, Røv/Ytre Moen

2. Glenn Olsen - 16,5 kilo, Honnstad/Mogstad

3. Helge Dalen - 14,5 kilo, Sogge/Krangnes

4. Kristen Heggem - 14,4 kilo, Honnstad/Mogstad

5. Reidar Skogly - 13,6 kilo, Honnstad/Mogstad

6. Per Petterson - 13,0 kilo, Tellesbø/Ranes

7. Magne Hvattum - 12,5 kilo, Honnstad/Mogstad

8. H. Gundersen - 11,5 kilo, Honnstad/Mogstad

9. Mads Gundersen (bildet) - 11,4 kilo, Honnstad/Mogstad

10. R. Bersås - 10,5 kilo, Sogge/Krangnes

 (Foto: surna.no)