Vårsøghelg - Kleiva_250x333

Laget Vårsøg nytt medlem av Trollheimsporten

Laget Vårsøg, som mellom anna arrangerer den årlege kulturfestivalen Vårsøghelga i Surnadal, har valt Trollheimsporten som ein av sine marknadsførings-kanalar. Vårsøghelga blir i år arrangert i pinsehelga 9.-12.juni, og det er allereie klart at Odd Nordstoga er ein av artistane som skal opptre! I år er det “rot” som er stikkordet for festivalen. Det kan vere rot som i røter og tilhøyrigheit. Men det kan også vere rot som kreativt kaos, humor og galskap, uvanlege innfallsvinklar og uventa samarbeidsprosjekt. Den som møter opp, får sjå!

 

Vårsøghelga har blitt arrangert sidan 1995, og er ein allsidig festival for alle aldersgrupper. Diktet “Vårsøg” av Hans Hyldbakk og med melodi av Henning Sommerro har gjeve namn til festivalen, som har markert seg som eit årleg kulturarrangement av høg kunstnarleg kvalitet.

Basisen er i lokalsamfunnet og den lokale kulturhistoria, og festivalen har fått stor publikumsappell både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Vårsøghelga 2011 kjem til å ha eit spennande, breitt samansett og publikumsvenleg program. Også i år ønskjer Laget Vårsøg velkommen til seminar og konsertar, utstillingar og pubkveld.

Mykje av dette er knytt til det lokale kulturliv, men samstundes opptrer også profesjonelle artistar til glede og inspirasjon.

Laget si heimeside er: www.varsoghelga.no

Vårsøghelga er også på Facebook.

Arrangøren kjem til å presentere programmet for Vårsøghelga 2011 gradvis utover våren. Allereie no er følgande nyheiter klare:

ODD NORDSTOGA KLAR FOR VÅRSØGHELGA! Vi er glade for å kunne presentere Odd Nordstoga, i unikt samspel med vår eigen Henning Sommerro på Kleivakvelden! Songaren og komponisten frå Vinje i Telemark er ein av dei mest kjente og folkekjære musikarane i Norge, både som soloartist og gjennom samarbeid med artistar som Herborg Kråkevik og Sissel Kyrkjebø. Dei seinare åra har han styrka posisjonen i toppsjiktet av norske musikarar, og er aktuell med den kritikarroste og si mest personlege plate “November”. Odd Nordstoga blir å oppleve fredag 10. juni på den vakre utescena på Kleiva, heimstaden til Hans Hyldbakk.

TEMA FOR VÅRSØGHELGA 2011 ER “ROT”. I år er det “rot” som er stikkordet for festivalen! Vi tenkjer da på dei mange spennande mulegheitene dobbelttydinga av ordet gjev. Det kan vere rot som i røter og tilhøyrigheit. Men det kan også vere rot som kreativt kaos, humor og galskap, uvanlege innfallsvinklar og uventa samarbeidsprosjekt. Den som møter opp, får sjå!

HELGAPASS: Vårsøghelga 2011 kjem til å innehalde svært mange godbitar. Den som vil sikre seg ein smak av så mykje som muleg, bør skaffe seg eit helgapass som gir adgang til alle arrangementa. Prisen for dette er berre 750 kroner! Helgapassa er å få kjøpt i resepsjonen på Vårsøg Hotell.

Hovudtrekka for dei ulike dagane under Vårsøghelga 2011 blir slik:

Torsdag: Fotoutstilling, opning av kunstutstilling, opningskonsert med ungdommeleg vri.

Fredag: Eldre hjelper eldre, konsert til skuleborn, Kleivakveld, Pubkveld, Vårsøgdisko.

Laurdag: Seminar, Vårsøgvandring til Kleiva, opera i verdsklasse, rockekonsert, jazzklubb.

Søndag: Kyrkjekonsert, portvin og laks og stor avslutningskonsert.

Laget Vårsøg vil ønske velkomen til Vårsøglandet. Eit land utan geografiske grenser, ein tilstand, ein spire av stoltheit inst i hjarta, ein inspirasjon. For som Hyldbakk skreiv i diktet Kultursjå: ”Stort det er at folket ber slik kjærleik til kulturen”. Ja, stort er det, med den store kulturinteressa som nordmøringen har og flott er det for oss som driv med Vårsøghelga.

Sjå stor bildekavalkade frå tidlegare års Vårsøghelger her.

Leif Otto Frønes er styreleiar i Laget Vårsøg. Med seg har han nestleiar Borghild B. Talgø, Einar Grønnes, Anne Vognild Einum, Bjørn Tore Brøske, Ingebjørg Loe Bjørnstad og Marit Larsdatter Moen. Siri Skjølsvoll og Oddbjørn Ansnes er varamedlemmar i styret. Henning Sommerro er kunstnerisk leiar, medan Gerd Ingrid Kvendset er dagleg leiar i Laget Vårsøg.

Kontakt-info:

Laget Vårsøg

Postboks 132, 6650 Surnadal 

Telefon: 415 46 860

E-post: varsog@varsoghelga.no