Kyrkjeblad logo_400x195

Kyrkjebladet med påskenummer

Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal gir saman med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre ut Kyrkjeblad for indre Nordmøre. Alle husstandane har fått påskenummeret i postkassane sine denne veka. For deg som bur utanom distribusjonsområdet - eller ikkje finn att bladet - ligg dette og tidlegare utgåver nedlastbart på nettsida til kirka i Rindal og Surnadal!

Kjenner du nokon som bur utanfor distribusjonsområdet, så kan desse også få tilsendt bladet i posten. Send epost til kyrkjeblad@gmail.com.

Kontingenten er frivillig for alle, men bladet er avhengig av denne sidan det er einaste inntekta utanom nokre takkoffer! (gironr.4050.40.46232)


På framsida av dette kyrkjebladet er det bilde av stangvikkonfirmantar frå 2013.

I dette nummeret er det påskestoff og på siste side kan du lese intervju med ei tøff dame frå Surnadal! I tillegg er det gudtenesteliste og omtale av kyrkjelege aktivitetar.