Kyrkjebåtnaustet tek form

Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» kan snart flytte inn i eigen bustad! Det store og særeigne naustet ved Åsskardfjorden har hovudkonstruksjonane på plass. Som neste skritt i prosessen inviterer entusiastane med Tore Sannes i spissen til snikkardugnad komande laurdag.

- Naustet er bygd etter historiske prinsipp, fortel Tore, ein solid stavlinekonstruksjon etter tradisjonelt mønster. Hans Bævre skyt inn at stokkane i berekonstruksjonen er samanføydde etter tusenårgammelt fransk låse-system. – Og her ved Gammelsagelva glir bygget inn i eit historisk miljø med sus frå hollendertida på 1600-talet, seier pådrivarane.

Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» vart bygd i 2009 og har overvintra «på legd» i desse åra – i garasjar og uthus rundt i bygda. Kvalitetsbåten får no plass i eit naust som både er praktisk og romsleg. Samtidig som dette ligg i eit felles, moderne båtanlegg med vatn og toalett, vil «Hjelmkonnå» her markere sin historiske eigenart.

Eigarane av kyrkjebåten, med Bøfjorden Sjøbruksmuseum som  hovudaksjonær, blir no også eigarar av dette praktfulle naustet –  ein nødvendig del av Hjelmkonnå-prosjektet.

Mykje finansieringsarbeid står imidlertid att. Entusiastane bak eit unikt kulturtiltak har difor vendt seg til private og til kommune og næringsliv for å få prosjektet i mål.

– Og det er ikkje tvil om at naustet vil gjera kyrkjebåten enda meir attraktiv både til fritidsbruk, trening og kapproing og som det kulturhistoriske klenodiet den er. Så vi ser fram til skikkeleg dugnad laurdag føremiddag, seier ein oppglødd Tore Sannes.

Kyrkjebåtnaustet a.jpg
Tore Sannes (frå venstre), Hans Bævre og Arnt Fjærli i sving med naustarbeidet. 

Kyrkjebåtnaustet b_690x493.jpg
Tore Sannes er primus motor for naustprosjektet - som han var for bygginga av "Hjelmkonnå". Laurdag organiserer han dugnad.

Kyrkjebåtnaustet HJELMK Bryllaupsroing.jpg
"Hjelmkonnå" gjer kyrkjebåttradisjonen levande. Bryllaupsroing frå naustet til Åsskardkyrkja er eitt av tallause bruksområde.

Tekst og alle foto: Bernt G. Bøe