budsjettmøte1 690

Budsjettmøte i kommunestyret i Surnadal

Kommunestyremøte i Surnadal 13.12.

Årets budsjettmøte i kommunestyret i Surnadal har starta. Her får du med deg det som blir bestemt.

Møtedokumentene finner du på Surnadal kommune sine nettsider.

Kommunestyret var fulltallig.

PS 89/18 Godkjenning av protokoll frå møte i kommunestyret 08.11.18

Godkjent utan merknader.

PS 90/18 Referatsaker
RS 39/18 Tildeling av skjønnsmidler 2019 og restmidler 2018
RS 40/18 Melding om delegert enkeltvedtak - Fastsetting av tilskotssatsar 2019 - Bårdshaugen barnehage
RS 41/18 Anmodning fra Kristiansund kommune til Orkide - Nordmøre Regionråd vedr. kostnads- og lønnsutvikling i interkommunale samarbeid

Ingen merknader til referatsakene.

PS 91/18 Budsjett 2019 - økonomiplan 2019 - 2022 

Saka starta med ei orientering frå rådmann Knut Haugen. I budsjettforslaget viser botnlinja eit underskot på snaue 2,5 millionar, som rådmannen og administrasjonen ser på som forsvarleg.

Blant dei viktigaste endringsforslaga i forslaget er at botnfrådraget for eigedomsskatten er fjerna. Dersom det blir vedteke, vil om lag 150 personar, som ikkje har betalt eigedomsskatt tidlegare, måtte betale i 2019.

Rådmannen la fram det han omtala som eit offensivt investeringsbudsjett på rekordhøge 166,9 millionar kroner. Av desse utgjer nye Øye skule og nye omsorgsbustader ved Bårdshaugen om lag 57 prosent, medan det i forslaget og ligg inne 1,5 millionar kroner til nye gatelys i bustadfelt. Dette beløpet vil kunne gje 1,5 kilometer med nye gatelys, og tanken er at hovudutval for teknikk og miljø vil lage ei prioriteringsliste dersom kommunestyret vedtek forslaget i dag.

I saksframlegget vert dei viktigaste endringane/føresetnadene i budsjettforslaget skildra slik:

  • Det er lagt opp til ein svært streng praksis når det gjeld ny rekruttering når tilsette sluttar i kommunen. For å klare budsjettrammene må einingane redusere den samla bemanninga med minst 15 årsverk i løpet av 2019.
  • Dei fleste einingane har vore gjennom ein grundig «barbering» ut i frå punktet ovenfor.
  • Nedjustering av avdrag på låneporteføljen frå dagens nivå på 18,9 mill. kr til «minste lovlege» avdrag på 15,5 mill. kr.

- Eg likar ikkje å foreslå dette, seier rådmann Haugen, og informerer kommunestyret om at dette talet må justerast opp att neste år, sidan det då skal lånast meir pengar.

  • Auke i eigedomsskatt på private bustader/fritidsbustader ved å fjerne botnfrådraget frå kr 150.000 til kr 0. Satsen foreslås fortsatt til 0,65% som i 2018. Den økonomiske effekten er utrekna på 3,4 mill. kr (før evt. kostnader for ekstra taksering som følgje av forslaget).
  • Rentekostnaden for kommunen si samla finansiering er budsjettert med kr 6,45 mill, som tilsvarer ein reduksjon på 1,65 mill. i forhold til første budsjettutkastet. Ein forutsett da at kommunen tidleg i 2019 legg ut sertifikatlån / obligasjonslån tilsvarande 75% av lånegjelda.
  • Det er lagt til grunn full årseffekt (2,1 mill) av dei 8 sengene ved sjukeheimen som vart nedlagt i 2. halvår 2018.
  • Det foreslås ikkje stenging av OBS-posten ved sjukeheimen sommaren 2019. Effekten står ikkje i høve til risikoen for følgjekostnad og konsekvens som følgje av tiltaket.
  • Ramma til heimetenesta er foreslått vidareført (indeksregulert) ut frå 2018-nivået.
  • Ramma til bu- og aktivitet er justert ned som følgje av reduksjon av generell bemannings-reduksjon og fjerning av merkantil ressurs i eininga.
  • Reduksjon av bemanning tilsvarande 1,5 årsverk i eigedomseininga (reinhald). Dette blir delvis kompensert ved innføring av robotvasking på nokre større golvflater.
  • 75% av lønna til einingsleiar for eigedomseininga blir foreslått fordelt og aktivert som ein del av dei største byggeprosjekta som blir iverksett i 2018. Reduksjon av driftsramme med kr 500.000 som følgje av dette.
  • Eigedomseininga har foreslått auke i husleigesatsane i kommunale bustader (eiga sak), og rådmannen foreslår at denne auken på ca kr 270.000 blir øremerka bygningsmessig vedlikehald, og at ramma ikkje blir redusert som følgje av den auka inntekta.
  • Ramma til kommunalteknikk blir foreslått på nivå med regulert budsjett for 2018, dvs. ein reell auke på ca 2,2 mill. frå det opprinneleg budsjettet for 2018.
  • Eininga Areal- og naturforvaltning får nedtrekk i ramma med ca kr 250.000 som følgje av foreslått auke i byggesaksgebyr / andre avgifter (eiga sak). Midlar for å dekke utgiftene til ny avtale med Thon Hotell Vårsøg og etablering av fritidsklubb/ frivilligsentral er lagt inn i ramma til kultureininga.
  • Jfr. tidlegare vedtak om skifte av krisesenter-tilknytning vil ein kunne redusere dette tilskotet med ca kr 280.000.
  • Tilskotet til kyrkjeleg fellesråd foreslås redusert med kr 232.000 som eit generelt kutt.
  • Inntekter frå sal av konsesjonskraft budsjettert med 4,6 mill.
  • Utbytte frå Svorka er budsjettert med kr 2.952.000 i tråd med gen.fors vedtak.

 

 

Høgberget/Øyagardslia:  Investering 2020-budsjettet flyttast til 2019.
Faktureringsfrekvens
Kyrkjelege fellesråd Tilskotet til kyrkjelege fellesråd blir redusert med kr 100 000 (ikkje 232 000). Vedteke mot fem stemmer: Oddny Hoem, Rita Aarnes, Rakel Polden, Eli Vullum Kvande og Marit Granhus Langli/Melkild-sak: 

 

PS 92/18 Betalingssatsar 2019 - Barnehage

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 93/18 Betalingssatsar 2019 - SFO

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 94/18 Betalingssatsar 2019 - Kost og skulemjølk i barnehage og grunnskule

Følgjande forslag vart behandla:

Kost elevane frå skulane skal betalast kvartalsvis. Vedteke samrøystes.

PS 95/18 Betalingssatsar 2019 - Billettprisar kino 2018/1911

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 96/18 Betalingssatsar 2019 - Utleigesatsar Surnadal kulturhus 2018/1916

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 97/18 Betalingssatsar 2019 - Utleigeprisar / billettprisar Surnadal museum 2018/1912

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 98/18 Betalingssatsar 2019 - Gebyr bibliotek 2018/1910

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 99/18 Betalingssatsar 2019 - Leigesatsar for korttidsleige av skulelokale 2018/1990

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 100/18 Betalingssatsar 2019 - Leigesatsar for gymsalar, symjehall og idrettshall 2018/1989

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 101/18 Betalingssatsar 2019 - Regulering av årsavgift for vatn, avløp og slam 2018/1957

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 102/18 Betalingssatsar 2019 - Regulering av årsavgift for renovasjon 2018/1958

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke 

PS 103/18 Betalingssatsar 2019 - Regulering av årsavgift for feiing og andre tenester frå brannvesenet 2018/1959

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 104/18 Betalingssatsar 2019 - Husleigeauke - kommunale utleigebustader / pensjonærbustader / omsorgsbustader 2018/1988

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 105/18 Betalingssatsar 2019 - Areal- og naturforvaltning 2018/1998

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 106/18 Betalingssatsar minibuss 2019 Bu og aktivitetstenesta 2018/1894

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 107/18 Betalingssatsar 2019 - Leigesatsar for korttidsutleige ved Sommerrotunet aktivitetshus 2018/1891

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 108/18 Betalingssatsar 2019 - Sal av tenester ved 2018/1892 Sommerrotunet aktivitetshus - Bu- og aktivitetstenesta

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 109/18 Betalingssatsar 2019- Helse og familie 2018/1881

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 110/18 Betalingssatsar 2019-Halsa interkommunale psykiatriske senter (HIPS) 2018/1878

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 111/18 Betalingssatsar 2019 - vaksinering Heimetenesta 2018/1944

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 112/18 Betalingssatsar - Dagtilbod for demente 2019 2018/1939

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 113/18 Betalingssatsar 2019 - Heimetenester 2018/1943

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 114/18 Betalingssatsar 2019-Tilsyn med salg av tobakksvarer mv, og gebyrsatsar etter Alkoholforkrifta 2018/1880

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 115/18 Betalingssatsar 2019 - Tryggleiksalarm 2018/1940

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 116/18 Betalingssatsar 2019-Støttekontakt og avlastning barn og unge etter helse- og omsorgsteneselova. 2018/1879

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 117/18 Betalingssatser 2019 - Frikjøp av fosterforeldre 2018/2036

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 118/18 Betalingssatsar 2019 - Rettleiande satsar for tildeling av økonomisk sosialhjelp 2018/2034

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 119/18 Betalingssatser 2019 - Dagopphald for eldre 2018/1942

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 120/18 Betalingssatsar 2019 - Korttidsopphald og dag/ nattopphald ved Surnadal sjukeheim 2018/2019

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 121/18 Betalingssatsar 2019 - Kantinedrift 2018/2021

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 122/18 Betalingssatsar 2019 - Matsal og matombringing 2018/2020

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 123/18 Betalingssatsar 2019 - Uttak av legemiddel ved Surnadal sjukeheim etter kontakt med legevakt 2018/2018

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke

PS 124/18 Fastsetting av eigedomsskatt 2019 2018/2039

PS 125/18 Budsjettregulering nr. 3 - 2018 2018/538

PS 126/18 Spørsmål om kommunalt bidrag i samband med etablering av desentralisert sjukepleierutdanning 2017/2944

PS 127/18 Spørsmål om deltaking i samarbeid om 60% tilling som kreftkoordinator 2011/1330

PS 128/18 Spørsmål om deltaking i samarbeid om 20% stilling som kreftkoordinator 2011/1330

PS 129/18 Tiltak for styrking av økonomien i Surnadal Alpinsenter AS / Surnadal Alpineiendom AS 2016/555

PS 130/18 Godtgjersle til folkevalde i interkommunale selskap og andre styrer m.m. 2018/1648

PS 131/18 Framtidig organisering av Todalen og Stangvik oppvekstsenter - etter høyring 2018/856

PS 132/18 Forhåndsvurdering - 71/98 - omregulering fra landbruk til industriformål 2018/527

PS 133/18 Rammeplan for kulturskule og lokal læreplan for KIN 2018/1886

PS 134/18 Framtidig organisering av sekretariatstenestene for Kontrollutvalgene på Nordmøre 2018/2096

PS 135/18 Søknad om fritak frå politiske verv - Audun Moen Skei 2018/2139

PS 136/18 Interpellasjon frå Nils Petter Tonning, FrP - Samarbeidsavtalen med Apotek 1 i Orkanger 2015/947

PS 137/18 Aktivitetsplikt - etablering av lågterskeltiltak 2016/865

PS 138/18 Investeringsbudsjettet - styrking av moloen i industriområdet i Røtet 2018/1692

Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke