KN Plakat MOTTO 2015

KN-samling i Surnadal

Fredag kveld kl. 18 møtest konfirmantar og foreldre frå alle sokn i Stangvik og Surnadal til «Inspirasjonssamling» på Surnadal vidaregåande skule. Dette er sjølve pep-talken før fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp komande tysdag. I Surnadal kommune samla konfirmantane i fjor inn 125.000 kr.

Ungdomsteamet frå KN, som vanlegvis deltek på desse årlege samlingane, er i år forhindra på grunn av sjukdom. Men sokneprest Vidar Rygh og andre frå kyrkjestaben i Surnadal lovar både film og fyldig informasjon om Kirkens Nødhjelp sitt arbeid generelt og om tysdagens dør-til-dør-aksjon spesielt. Sokneråda syter for bevertning.

KN Sokneprest Vidar Rygh leier Inspirasjonskvelden_350x383.jpg

Sokneprest Vidar Rygh.

KN Frå ei tidlegare Inspirasjonssamling_690x404.jpg

Frå ein tidlegare inspirasjonskveld.

 

Tema for årets innsamling er «Vatn og klima». I alt er det  over 40 000 bøsseberarar i heile landet som på denne måten samlar inn pengar til KN-arbeidet.

I Surnadal kommune samla konfirmantane i fjor inn 125.000 kr. Etter KN sine eigne statistikkar er dette midlar nok til f. eks. både å flaumsikring hundre hus i utsette område, skaffe 300 menneske varig forsyning av reint vatn og dertil gje nødvendig hygienemateriell til 125 familiar i utsette nødområde. Ikkje dårleg!

 

Fredagens inspirasjonskveld er ein fin måte å motivere seg på!

KN Fastebøsse_350x350.jpg

 

 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe, medlem Åsskard sokneråd