Jubileum B 3 Brua

Jubileum og fiskemiddag

Bøbrua feirar 50 år! Dette blir markert med jubileumsprogram og fiskemiddag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Ei ny tidsrekning begynte i Bøfjorden 8. desember 1964, da brua over Bøsundet vart opna og knytte Bølandet til det norske vegnettet. Før den tid måtte all passasjertrafikk og varetransport gå sjøvegen.

Med bildekåseri, song og levande skildringar vil Dagens Tema kaste lys over kvardagslivet på det veglause Bølandet i tida før 1964. Mange i salen vil minnast og kan bidra med eigne opplevingar frå tida både før og etter at brua kom.

Eit elevarbeid ved Bøfjorden skule i høve 25-årsjubileet i 1989 får brei plass i programmet. Like eins den dramatiske nyårsorkanen i 1992, da brua knakk i hop og folket på Bø atter vart isolert i fleire månader.

Kjøkenet lagar fest på sin måte og serverer den populære «Museets fiskemiddag» - sjølsagt med råvarer frå Bøfjorden.

 

Jubileum A 1 Randi_700x581.jpg

Randi Vetleseter Bøe er sjefskokke når museet inviterer på sin populære fiskemiddag. 

 

Jubileum B 1 BRUA_700x422.jpg

 

Jubileum B 2 BRUA_700x512.jpg

 

Jubileum B 3 Brua_700x515.jpg

50-årsjubileum: Brua over Bøsundet skapte ny tidsalder i Bøfjorden frå 1964. Jubileet blir markert som Dagens Tema på sjøbruksmuseet søndag.

 

Jubileum og fiskemiddag 2014 07 20 Plakat_350x502.jpg