Jonsvaka i Åsskard

Frå 1982 har «Jonsvaka» vore feira som årvisst kulturarrangement ved St. Hans-tider i Åsskard – med hovudsatsing på midnattskonsert i kyrkja og med sosialt samver med kaffe i møtesalen (Kyrkjestua) like før.

I historia for Jonsvaka i Åsskard finn vi at bakgrunnen for satsinga er at St. Hans (jonsok, «jonsvaka», lokalt «jensuku») frå mellomalderen og fram til 1770, var ei kyrkjeleg høgtid. Etter stor gjevarinnsats, som tydeleg viste at folket er glade i kyrkja si, hadde Åsskard i mars same året (1982) fått nytt orgel. Dette fine instrumentet, inspirerte også til ny musikalsk og kulturell aktivitet ved mange høve – ikkje minst «Jonsvaka». Eit siktemål med desse kultursamlingane har vore å ta vare på den rike og tusenårgamle kulturskatten som kyrkja eig og å bruke og formidle den med og for «vanleg folk» i eit bygdesamfunn. Både gregorianikk, moderne kyrkjetonar, kunst, drama og klassisk tradisjon hører oss alle til.

 

Nokre høgdepunkt:

St. Hans-aftan 23. juni 1982 var det midnattskonsert med songarinna Anne Kleivset (lokale folketonar), Lilly Lillegård Bævre (fløyte), Bernt G. Bøe (orgel), sokneprest Erling Barman (andakt), Halsa Songlag og Åsskard Kyrkjekor. Ein tok i bruk historisk «alternatim-praksis», altså veksling mellom forsamlingssong og orgelvariasjonar over vedkomande salme. Slik vart Kjell Mørk Karlsens «Partita over Med Jesus vil eg fara» og Bjarne Sløgedals «Variasjonar over Å hvor salig det skal blive» sette inn i ny samanheng.

Etter kvart utvida ein ramma og begynte å ta med kulturinnslag også i tilknyting til kaffe-samveret. I denne timen før sjølve konserten har ein såleis hatt kåseri om kulturelle tema og ofte kulturhistoriske dramatiseringar knytt til dette. For første gong i Det Europeiske Musikkåret 1985 var kaffestunda før konserten utvida med kåseri – der målaren Kalla Skrøvseth viste lysbilete og fortalde om kunsten sin.

I 1988 debuterte 10-årige Anders Larsen som fiolinist – med «Concertino i G-dur» av Küchler. Eit sjarmerande opptak av stykket eksisterer og syner tydeleg at guten hadde talent! Elles deltok Ole Kr. Gundersen (også fiolin), Lilly L. Bævre (fløyte), Anne Lise Wullum (song), Erling With Aasgård (orgel) og den alltid trufaste deltakande arrangør Åsskard Kyrkjekor. Bernt Bøe viste lysbilete i Kyrkjestua før konserten.

Anders Larsen og Erling With Aasgård.PNG

Anders Larsen og Erling With Aasgård.

Kristningsjubileet (tusen år etter første norske messe, på Moster) prega Jonsvaka 1995. Bøfjorden Mannskor og Åsskard Kyrkjekor framførte først sogespelet kalla «Olav – Den Første» (skrive av Bernt Bøe på grunnlag  av «Soga om Olav Tryggvason» hos Snorre). Arena var hagen ved Olastua attmed kyrkja. Dette var ei stor satsing,  med innlånte kostymer bl. a. frå Stiklestad-spelet, båt (ein liten «Ormen Lange», utlånt av Odd Engdal) på fjorden, bruk av mikrofonar og høgttalaranlegg – med musikk frå Griegs «Sigurd Jorsalfar». Alf Ramsøy las samanbindande tekst. John Nonnon Heggem hadde rolla som kong Olav. Bernt Venås var biskopen. Skuleborn deltok som «kor-gutar» i seremoniane i spelet.

Trhp 010 Jonsv 1995 Sogespel.jpg

Frå spelet «Olav – Den Første» i hagen ved Olastua. Over til venstre: Gjertrud Heggem, Gudrun Maria Vetleseter Bøe, Lars Lillegård, John Nonnon Heggem, Gunnar Bøklepp og Ingebrigt Garthe.

Åsskard kyrkje feira 125-årsjubileum i 2001, og midnattskonserten var ein del av markeringa. Det samansette «Messias-koret» song 6 satsar frå nettopp Handels oratorium Messias - til orgelfølgje av Erling With Aasgård, no domkantor i Molde. Inspirert av jubileet viste programmet stor spennvidde - med utdrag frå Tveit/Skeies songsyklus «Visst skal våren komme» som meir «moderne» innslag.

«Jonsvaka» St. Hans-kvelden 2009 var den største og best besøkte nokon sinne. Den starta med «Brudefærden i Åsskard», der den nybygde kyrkjebåten «Hjelmkonnå» kom roande til kyrkja med brureparet Ingunn Reiten og Bjarte Fjærli. Etter høgtideleg dåp av båten vart brurefolket køyrt til kyrkja med hest og skyssvogn - til bruremarsjar spela på sekkepipe av Ebba Ringmar. Under vigsla var kyrkja fullsett. Halsa-presten Erik Blomstrøm forretta. Nærare 300 deltok på kyrkjekaffen ute etter bruremessa. Deretter heldt Bernt Bøe eit historisk foredrag om ulykker til sjøs, særleg om Båtvikulykka i 1909, som denne kvelden fekk sitt 100-årsminne. Bøfjorden Historielag hadde skaffa og kosta ein bauta med minneplate over 12 bortkomne sjøfolk frå bygda.

Trhp 011 Jonsv 2009 a Hjelmkonnå dåp.jpg

 

Den 35. Jonsvaka

På årets arrangement, med Åsskard Kyrkjekor som både arrangør og musikalsk hovudaktør, var ca. 70 til stades. I høve Bibelselskapets 200-årsjubileum kåserte Bernt G. Bøe over dagleguttrykk med opphav i Bibelen. Sjølve konserten tok publikum med på ei musikkreise, frå 1100-talets Orknøyar, via norske - og svært lokale! - kompinistar i lag med Mozart, Bach og Händel. Til sist ei "Haydnsk" helsing til alle dei musikkvenner som har gjesta «Jonsvaka» opp gjennom åra.

Bøe fortel at alt gjekk etter plana - og med positive tilbakemeldingar.

Trhp 01 Jonsvaka 2016 c Koret c Takk.jpg

Kor og dirigent etter programmet i kyrkja. Frå venstre: Nora Vetleseter Bøe, Astrid Hyldbakk, Ann-Magret Botten, Torunn Kroknes, Bernt G. Bøe, Kari Sæther, Kirsten Baadnæs Bøe, Inger Garthe og Randi Vetleseter Bøe.

Trhp 02Jonsvaka 2016 d Torunn Kroknes Galleriet.jpg

Torunn Kroknes syn Mozarts "Ave verum" frå galleriet. Til venstre bratsjist Trond Harald Saltnes.


Trhp 03 Jonsvaka 2016 f Trappa 2.jpg

Som utgangsmusikk spela ensemblet på kyrkjetrappa ein feiande slått av svenske Eric Öst. Frå venstre: Marthe Belsvik Stavrum, Ebba Ringmar, Odd Sonntag, Trond H. Saltnes og Ellen Holmås.

Trhp 04 Jonsvaka 2016 g Vänskap.jpg
Litt vemodig avskjed med publikum etter den 35. Jonsvaka: Kor og instrument let "Vänskap" av Joseph Haydn tona ut i sommarnatta.

 

Alle foto: John Heggem.

Stor takk til Bernt G. Bøe for informasjon og historikk.