Krnagnes 1_1024x680

Helga og Harald Krangnes har 50 % tap for andre året på rad

Jerven herjar i saueflokkane i Trollheimen

Det går på helsa laus, bokstaveleg talt for Helga og Harald Krangnes. Dei er dei største sauebøndene i Møre og Romsdal med 320 vinterfôra sau og nytt stort sauefjøs. Dei har mista 411 lam i Trollheimen dei to siste åra. - Levegrunnlaget er i ferd med å bli sparka under føtene på oss. Det er berre trist å oppleve all lidinga jerven er årsak til blant sauene våre, sa dei da stortingsrepresentant Tove-Lise Torve var med ordførar Mons Otnes og Surnadal Ap på valgkampturne i går.

Tøft å vera sauebonde - frå venstre Tove-Lise Torve, Helga og Harald Krangnes og ordførarkandidat Mons Otnes.

No kan naturlegvis ingen dokumentere at alt tapet kjem frå jerven, men Helga og Harald Krangnes har ikkje opplevd det verre en dei to siste åra. - Vi har mange eksempel på at jerven har herja i flokken også med avbitne underkjevar og jur det har gått mark i bittskadene på, seier dei.

Til høgre Tove-Lise Torve i samtale med Helga og Harald Krangnes, Oddvar Væge, Mons Otnes og Eivind Fiske (med ryggen til).

På gråten
I møte med stortingsrepresentant Tove-Lise Torve nemner Helga sønnen Harald på 18 som no går Skjetlein ved Trondheim og er så innstilt på å ta over garden. Helga tek til tårene når ho tenkjer på korleis dei har bruka 20 år på å bygge opp dette, og no er det rovdyr som tek livsgrunnlaget frå dei. Både Helga og Harald føler livsstrengen er i ferd med å bli kutta. Dei er bitter.

- Får vi 50 % tap neste år må vi slutte, sier dei og håper på opptrapping både av hiuttak og lisensfelling. Helga og Harlad har hatt sauene gåande i Eiterdalen i Trollheimen i alle år. - Gjeting er lyttelaust. Området er alt for stor. Jakta burde ha vore organisert betre og den skulle vore godt betalt, meiner dei.

Helvete i jervland
Saman med Tove-Lise Torve var ordførarkandidat for Ap i Surnadal Mons Otnes og listekandidat Oddvar Væge med på besøket til Helga og Harald Krangnes. Dei fekk levande høre om helvete i jervland.

- Dette er dyreplageri. Vi opplever alt for ofte å treffe på levande kadaver gåande i skogen. Det er ikkje gøttj å drive med sau lenger. No skulle vi ha fått heim store fine lam på over 45 kilo - det er knappvore vi fyller opp dyrebilen. Det er ikkje triveleg å produsera mat lenger, når det skal vera slik. Samtidig må vi sette på dårlege dyr og vi får ein dårleg stamme. Planene var å sette på 100 solide i stammen, men berre 99 har kome heim, fortel Harald og Helga.

Dystert
- Det er greit å kome ut og treffe dåkk som slit, høre korleis kvardagen er. Dette er den dystre virkelighet, sa Tove-Lise Torve og sendte skryt til odførarane på Nordmøre, Mons Otnes (Surnadal), John Ole Aspli (Rindal) og Ståle Refstie (Sunndal).

- Utan den jobben dei gjorde ville vi ikkje ha fått til det rovdyrforliket som har kome, og vi ville ikkje ha fått til at sauen skal prioriterast i Trollheimen og ikkje jerven, med at vi ikkje skal ha yngling i dette området, sa ho.

- Det er slik vi oppfattar situasjonen no, la Helga og Harald Krangnes til. Dei vil ha langt større aktivitet med jakt, betalt jakt for å ta ut mykje meir jerv i Trollheimen. Da oppfordra Tove-Lise torve til fortsatt lokalt påtrykk og utfordra igjen ordførarane til å ta tak.

Det lova Mons Otnes å ta tak i, sjøl om det går på livet laust med truslar, berre jerv blir nemnt.

Tove-Lise Torve peika på rovviltforliket der det svart på kvitt står at staten ved miljøavdelinga "skal sørge for" jakt om plagene blir slik som dette. - Og jakta skal vera betalt. Da er det berre å trykke på, sa ho.

- Det er viktig med levende bygder. Da må vi ha ein rovviltpolitikk som gir rammevilkår som er til å leve med, sa Mons Otnes, før følget for valgturneen drog vidare i går.

Det starta hos Martinus Peder Haugen og MPs Hjemmebakeri - medlem av Trollhemsporten - fortsatte til 87 år gamle Olina Halle, før dei avslutta på stand i Bæverfjord, der Lars Bæverfjord sen., Lilly Gunn Nyheim, Oddvar Væge og Anne Grete Gravvold deltok saman med Mons Otnes og Tove-Lise Torve (bildet under).

Til høgre er det besøk hos Martinus Peder Haugen og MPs Hjemmebakeri: