eli vullum kvande og margrethe svinvik 1500

Involverer innbyggarane i berekraftarbeidet

Kommunestyret i Surnadal vedtok i desember å opprette eit utval, der tre politikarar og fire andre innbyggarar saman skal jobbe for å bevare artsmangfald.  – Dette er ein heilt ny måte å jobbe på, og ein ny måte for innbyggarane å påverke politikarane på.

Ingressfoto: Eli Vullum Kvande (t.v.) og Margrethe Svinvik.
 

Det seier ordførar Margrethe Svinvik (Sp) og Eli Vullum Kvande (MDG). Dei to håpar folk grip mogelegheita og melder interesse.

Både sak og arbeidsmetode er nemleg viktig i samband med at Surnadal no skal starte opp eit eige utval, som skal jobbe for å bevare artsmangfaldet. 

Saman skal tre politikarar, fire andre innbyggarar og ein sekretær frå kommuneadministrasjonen bidra til å samle eksisterande kunnskap som omhandlar artsmangfald, og jobbe med ein strategi for vidare arbeid innan temaet.

Og temaet berekraft og artsmangfald er utan til noko som opptek mange. 

– Alle rapportar viser at artsmangfaldet forsvinn i eit tempo ein aldri har sett maken til, så det er viktig at ein får i gang ei slik gruppe, som med blanke ark kan sjå på kva tiltak vi skal prioritere framover.

Utvalet vil sjølv stå fritt til å velje kva konkrete tiltak og område dei ønskjer å sjå nærare på.

– Det kan vere alt frå å sjå korleis Surnadal kommune på ein best mogeleg måte kan gjennomføre kantslåtten og bevare insekta, til å fokusere på kampen mot framande, øydeleggande artar, som til dømes lupinar og brunsnegler, seier Eli Vullum Kvande, som stod bak forslaget om utvalet då det vart vedteke i kommunestyret før jul.

– Ja, og i fjor hadde vi tilfelle av pukkellaks her, så det kan jo og vere aktuelt for eit slikt utval å jobbe for å bevare villaksen og få vekk pukkellaks, seier ordførar Margrethe Svinvik.

– Det er akkurat slike ting ein må finne ut, kva vi har her som det er viktig å ta vare på. Å bevare villaksen er utruleg viktig for Surnadal, seier Kvande.


Samarbeid skal gi best mogeleg resultat

I den nye kommunelova er innbyggarmedverknad sentralt på mange felt, og gjev rom for denne måten å jobbe og sette saman utval på.

Svinvik fortel at det kan bli aktuelt å opprette fleire utval med innbyggarmedverknad, dersom erfaringane frå det toårige artsmangfaldutvalet vert positive, og ho og Kvande trekkjer fram folkehelse og gang- og sykkelvegar som potensielle tema.

– Det handlar om å koble saman aktuelle interesseforeningar og politikarar, som per i dag kanskje jobbar litt for mykje kvar for seg. Klarar vi å skape ei god kobling der, kan vi betre utnytte det beste frå begge - og på den måten skape best mogelege resultat.

– På denne måten får vi bruka all den kunnskapen vi har her i bygda, og forhåpentlegvis få tips om aktuelle problemstillingar vi politkarar ikkje veit om. Det er mange som kan bidra med kompetanse inn i eit artsmangfald-utval, seier Kvande.

Ho understrekar at både folk med utdanning innan feltet, folk med interesse for temaet og tillitsvalte og medlemmar i aktuelle lag og organisasjonar kan vere aktuelle som medlemmar i utvalet.

– Vi har fått nokre tips om personar som kan passe, men håpar på endå fleire innspel, seier MDG-listetoppen.

Ønsket om innspel til aktuelle kandidatar vart omtala av Driva tysdag.


Håpar på suksess

Utvalet sitt mandat skal vedtakast av kommunestyret onsdag 5. februar, men allereie i desember vart det vedteke at utvalet ikkje vil ha myndigheit til å pålegge nokon arbeid eller å sette i gang noko som har økonomiske konsekvensar. Antal møte er ikkje fastsett.

– Med utvalet ønskjer vi å sette søkelys på temaet, og få til ei idemyldring rundt kva kanalar ein skal bruke for å få ut god og viktig informasjon. På den måten vil både politikarar og innbyggarane bli betre opplyst, og vi finn forhåpentlegvis den best egna måten å jobbe vidare med artsmangfaldet på, seier Kvande.

Svinvik har tru på det nye utvalet, og håpar på stor interesse:

– Det er mykje å ta tak i, og dette utvalet vil skape merksemd rundt eit viktig tema. Samtidig får vi, gjennom innbyggarinkludering, prøvd ut ein ny og spennande arbeidsmetode, som vi håpar blir ein suksess. No er det berre for innbyggarane våre å gripe mulegheita til å påverke.

eli og margrethe 2 690.jpg
Eli Vullum Kvande (t.v.) og Margrethe Svinvik ved Surna.