Trine Eggan Anders Grimsmo og Anett Ranes

Informasjonsmøte om kvardagsrehabilitering

Surnadal kommune held på med eit omfattande prosjekt om kvardagsrehabilitering. Fredag var det informasjonsmøte med Trine Eggan, Anders Grimsmo og Anett Ranes.

Prosjektgruppa for kvardagsrehabilitering i Surnadal er godt i gang med arbeidet sitt. I dag var det informasjonsmøte med innlegg av Anders Grimsmo frå institutt for samfunnsmedisin ved NTNU, rehabiliteringskoordinator Trine Eggan som er leiar i prosjektgruppa, og oversykepleiar i Surnadal kommune Anett Ranes.

Dette møtet var for kommunen sine eigne ansattte innanfor helse og omsorg, ledarar, legar, politikarar og ein del organisasjonar og foreiningar i kommunen.

Anders Grimsmo.jpg

Anders Grimsmo - Organisering og resultat av rehabilitering i eit pasientforløpsperspektiv.

Anders Grimsmo sette fokus på ein del viktige problemstillingar og utfordringar innanfor helsevesenet, både mht. sjukdomsbehandling og omsorgstenester.

Ikkje alle er like spreke når dei bli eldre. Det er stor forskjell på det. Men mange blir "skrøpelige eldre", der muskelsvekkelse- /svinn er den mest karakteristiske endringa.

Dei fleste har problem med å sjå for seg at dei sjøl ein dag skal bli pleietrengande. Men faktisk er det slik at to tredjedelar av befolkninga blir pleietrengande før dei dør, påpeika Anders Grimsmo.

"År til livet eller liv til årå?" Det har ikkje vore forska så mykje på livskvaliteten til eldre i institusjonar.

- Eldrebølga kjem, sa Anders Grimsmo. - Men det er mykje som tyder på at det er gruppa av eldre utan hjelpebehov som veks mest. Derfor er det ikkje sikkert at det kjem ei bølge med akua behov for omsorgstenester.

Forskning har vist at det i stor grad er genetisk betinga kor lenge folk lever. Det kan ein ikkje får gjort så mykje med.

Forskning har og vist at leveforholda i dei første barneåra i stor grad påverkar risikoen for å utvikle hjerte- og karsjukdommar, og sannsynlegvis og kreft. Derfor er det særleg viktig å drive forebyggande helsearbeid i dei første leveåra, påpeika Grimsmo. Slik kan ein redusere behovet for helsetenester seinare i livet.

Grimsmo viste og ein studie som viser kor viktig rehabiliering er ved utskriving frå sjukehus. Dei som får rehabilitering får ofte betre livskvalitet etterpå og blir ikkje så ofte innlagt på nytt.

Samtidig er det viktig at ein ser pasienten som ei heilheit i rehabiliteringa. Mange pasientar, særleg eldre, har fleire sjukdommar samtidig, og dette må ein sjå i sammanheng. Å behandle berre den eine sjukdommen som er årsåk til innlegging er ikkje nok. Ein kan ikke fokusere på kvar enkelt sjukdom kvar for seg. Sjukdommane påverkar kvarandre, og medisinane påverkar kvarandre. Ein må sjå alt under eitt. Ei brei tilnærming til omsorg har vist seg å vere det som gjer best verknad.

- Rehabilitering for eldre er faktisk lovpålagt i Danmark, sa Anders Grimsmo. - Kanskje blir det slik i Noreg og.

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering medan brukaren bur i eigen heime. Rehabiliteringa er målstyrt, tidsavgrensa og tverrfagleg. Rehabiliteringa skal sikre at brukaren oppnår auka deltaking sjølv, med utgangspunkt i brukaren sine eigne ønske.

Målgruppa for kvardagsrehabilitering er eldre med risiko for å miste funksjon, eldre som er i ferd med å få dårlegare funsjon, og skrøpelege eldre med dårleg funksjon.

Ein kan spørre pasienten "Kva er viktigast for deg?" - Frå problemorientert til målorientert.

Innanfor kvardagsrehabilitering er det eit tverrfagleg team som skal følge opp brukaren. Her skal heimesjukepleien og andre og kommunale helsetenester samarbeide med bl.a. fastlegen, for å finne dei beste løysingane.

Trine Eggan.jpg

Trine Eggan - Orientering frå prosjektgruppa for kvardagsrehabilitering i Surnadal

"Aktiv i eien kvardag" er slagordet for kvardagsrehabiliteringsprosjektet i Surnadal. Bakgrunnen for dette prosjektet er bl.a. at statistikken viser at andelen av eldre i Surnadal vil auke i åra framover.

Det har vist seg at kvardagsrehabilitering kan redusere pleiebehovet vesentleg. Og dei fleste ønsker å leve eit sjølvsendig liv i eigen bustad.

Kvardagsmeistring er eit førebyggande og rehabiliterande tankesett som vektlegg den enkelte si meistring i kvardagen, uansett funksjonsnivå. Brukarstyring og vektlegging av den enkelte sine ressursar og eigen deltaking står sentralt. Dette tankesettet er ikkje ulikt tradisjonell rehabilitering. "Eg trenar ikkje for å halde meg ung, men for å bli gamal".

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod som vil bli gjeve til ei brukaragruppe innanfor ei avgrensa målgruppe. Kvardagsrehabilitering startar med spørsmålet "Kva er viktige aktvitetar for deg no?" Sentrale begrep i kvardagsrehabilitering er brukaren sine eigne mål, tidleg intensiv og tverrfagleg innsats, tidsavgrensa periode og eigenmeistring.

Eit av måla i Surnadal er at kvardagsrehabilitering skal bli førstevalg før opphald i institusjon. Dette krever og at brukaren gjer ein eigeninnsats. Så brukaren må vera motivert for trening og tilrettelegging.

I starten vil ein begynne med 2-3 brukarar, og så skal omfanget utvidaste etter kvart. Dei ansatte i heimetenestene skal få opplæring, og eit tverrfagleg team skal bistå brukarane.

Det er viktig å ha fokus på dei eldre sine ressursar framfor begrensningane. Tanken er at ein ikkje må passivisere dei eldre. Å hjelpe brukaren litt for mykje er som oftast å gjere han ei bjørneteneste. Dersom det er oppgåver som brukaren kan gjere heilt eller delvis sjølv, så skal han gjere det, sjølv om det tek litt lenger tid. Kanskje kan brukaren tilberede noko av maten sjølv, gå ein tur, eller måke snø sjølv? Med god tilrettelegging er det fullt mogleg å trene seg opp att f.eks. etter eit lårhalsbrudd.
 

Anett Ranes.jpg

Anett Ranes - Velferdsteknologi.

Surnadal kommune har og gåande eit prosjekt om velferdsteknologi.

Velferdsteknologi kan væra så mangt. For mange at oss er f.eks mobiltelefonen eit viktig instrument, som vi brukar til mange ting.


Velferdsteknologi kan være:

* Tryggheits- og sikkerhetsteknologi, som f.eks. tryggheitsalarmar.

* Kompensasjons- og velværeteknologi, som f.eks styring av lys og varme

* Teknologi for sosial kontakt, f.eks. Skype.

* Teknologi for behandlig og pleie, som f.eks. måling av blodtrykk.
 

Anett Ranes viste ein film fra Nøtterøy med eit eksempel med spelteknologi, som kan gje morosam trening for eldre. I filmen testa eldre ut eit alpinspel som simulerar utforkjøring, der ein sjølv med kroppen og eigne rørsler styrer spelet. Dette har gitt gode resultat for bevegelegheit og kroppsfunksjon hos dei som har prøvd det ut. Dette er og underhaldande, både for den som speler og dei som ser på. Prosjektgruppa i Surnadal ønsker og å prøve ut spelteknologi innanfor kvardagsrehabiliteringa.

Prosjektgruppa for velferdsteknologi har eit mål om å få kjøpt inn ein del utstyr av ulike slag og teste det ut før sommaren.