vårsøghelga 13_350x233

Henning-hytte på Kleiva

Formannskapet i Surnadal har sagt ja til ein søknad om frådeling av tomt ved Kleiva på Skei, ei tomt som Henning Sommerro (bildet) skal ha til hytte. Dette vedtaket og andre avgjerder frå tirsdagens formannskapsmøte kan du lese meir om inne i saka.

Det er eigaren av området, Knut Sommerro, som har søkt om frådeling av hyttetomt. Det omsøkte areal er på omlag 2,5 dekar og Knut Sommerro har avtale med onkelen Henning Sommerro, som skal kjøpe hyttetomta.

Den aktuelle tomta ligg i eit såkalla LNF-område (Landbruks-, natur- og friluftsområde) med forbod mot frådeling til anna enn landbruksformål. Frådeling av tomta må difor ha dispensasjon frå arealdelen. Dyrkajord på bruket blir i dag bortleigd til kornproduksjon. Det er ikkje dyr på bruket og skogen blir dreven i eigen regi.

I vurderinga av søknaden heiter det at delinga ikkje vil medføre særlege drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket, og jordbruksarealet blir halde i drift. Delinga er også forsvarleg ut frå omsynet til den avkastning eigedomen kan gje.

GJERDE LANGS VEGEN TIL KLEIVA: Formannskapet vedtok å same møte å løyve 50.000 kroner til oppsetting av gjerde på begge sider av vegen til Kleiva. Bakgrunnen for dette er at det i den seinare tida har vore konflikt mellom intensiv beiting av husdyr og trafikken til Kleiva, først og fremst for gåande.

Det er nederste delen av vegen som er intensivt nytta til foringsplass for sau. Dette samlar i stor grad sauene på eit konsentrert område over lang tid, noko som har ført til store mengder fòrrestar og ekskrementer. Det er cirka 200 meter av vegen som går over dette beiteområdet.

Det er no laga ein avtale med grunneigaren om inngjerding av vegen, det vil seie gjerde på begge sider. Gjerdet og vedlikehaldet av dette skal stå for kommunen si rekning. Det må i tilknyting av gjerde vere nødvendige grinder for at beitedyr skal kunne krysse vegen når det er behov for å flytte dyra.

Oppsettinga av gjerde langs vegen vil og føre til at grindene på vegen kan fjernast og derved gjere vegen til Kleiva open til ei kvar tid. Vegen er bratt og det er vanskeleg for trafikken å ha hindringar som grinder er. Det kan imidlertid vere behov for å ha ein bom som kan vere stengt dei tider det ikkje er trafikk for å hindre uvedkommande på Kleiva.

Kommunen vurderer det slik at det er viktig å ha ein god gangveg opp til området da dei fleste besøkande til museet på Kleiva kjem til fots. Vegen må også vere kjørbar for mellom anna varetransport og vedlikehald av bygg og uteområde. Eit gjerde på begge sider av vegen som skjerming for beitande dyr blir vudert som eit godt tiltak for å gjere forholda bedre både for kjørande og gåande.

SKJENKELØYVE TIL ELVANESSET RESTAURANT: Surnadal kommune har gjeve serverings- og skjenkeløyve for perioden 1. juli 2011 - 30. juni 2012 til Elvanesset Restaurant, som er etablert nær småbåthamn og campingsplass i Bøfjorden.

Jørgen Bøklepp Solem er godkjent som styrar for både serveringsløyvet og skjenkeløyvet, medan Målfrid Bøklepp er godkjent som stedfortredar for serveringsløyvet og skjenkeløyvet. Også søknaden om uteservering på det omsøkte området er godkjend.

STØTTE TIL CD-INNSPELING: Tone Søyset Døving (bildet) får 10.000 kroner i tilskot fra Surnadal kommune til innspeling av julesingel med songar frå Surnadal. Søyset Døving, som opprinneleg er frå Todalen, har planer om å spele inn songane "Juleverset" frå Stangvik og "Mitt hjerte alltid vanker" med melodi frå Todalen. Dette er to julesongar med heilt spesiell lokal forankring, men som ikkje tidlegare er gitt ut på CD.

Møre og Romsdal fylke ønskjer også å gje eit tilskott på 20.000 kroner, under føresetnad at det blir søkt om og innvilga støtte frå 3-4 aktuelle kommunar i regionen.