Gjert Ingebrigtsen og Allan Troelsen ps 1500

Held foredrag for å førebu resten av Team Ingebrigtsen

Med løparsønene Henrik, Filip og Jakob i tankane, bestemte Gjert Ingebrigtsen seg hausten 2018 for å starte med å halde foredrag. Med ei analytisk tilnærming for å finne ut kva som "funkar og ikkje", sjølvsagt.

Gjert Ingebrigtsen, som torsdag heldt foredrag under Surnadal Sparebanks Næringslivsdag, seier til Trollheimsporten at han bestemte seg for å teste ut det å halde foredrag då han gav ut boka «Kunsten å oppdra en verdensmester» hausten 2018. Han held foredrag når det passar med sivil jobb og trenargjerning, i perioden oktober til mars.

Akkurat som i rollen som trenar, har han og som foredragshaldar dei tre løparsønene Henrik, Filip og Jakob i tankane.

– Enkelte av dei trivst jo betre i rampelyset enn andre, og eg vil tru at det å halde foredrag kan bli ein aktuell veg å gå for dei på sikt. Då er det lurt at nokon har prøvd det før dei, slik at dei slepp «barnesjukdomane», seier han, og fortsett:

– Ein gjer seg jo raskt nokre erfaringar med kva som er lurt, så eg prøvar å variere litt kvar eg held foredrag og når på dagen eg held foredrag.

– Så du er i gang med ei slags treningsplanlegging når det gjeld foredrag og?

– Nei, det blir meir inn mot ein slags managerrolle. Ved å prøve dette sjølv først, finn eg ut kva som funkar og ikkje, og kva som let seg gjennomføre.

– Tenker du då kva som let seg kombinere med ein løparkarriere?

– Nei, nei, nei, eg tenker sjølvsagt etterpå, svarar Gjert kontant, i kjent stil.

Han har ei analytisk tilnærming til foredragsverksemda si, og fortel kva erfaringar han har gjort seg så langt i foredragshaldarkarrieren.

– Eg har i alle fall funne ut at det ikkje er lurt å vere første foredragshaldar ut, dagen etter at folk har hatt fest, ler han, og fortsett:

– Og det er heller ikkje lurt med foredrag rett etter maten, for då har folk mingla og er i ei boble der den gode praten går. Det å skulle dra folk tilbake til å ha fokus mot scena då, er ikkje optimalt, slår han fast, og fortel at det å stå på scena framfor folk og er ein måte å utfordre seg sjølv på.

– Det å stå på scena har aldri vore noko eg har likt spesielt godt, så det er god trening, og vil vere til god hjelp for gutane dersom nokre av dei vel å prøve dette etter kvart, seier Ingebrigtsen, tidlegare torsdag heldt foredrag for 400 studentar ved NTNU i Trondheim.

I og med at han held foredrag for så ulike forsamlingar, må det nøye planlegging til for å tilpasse foredraga, fortel Gjert til Trollheimsporten.

– Folk trur at når ein skal halde foredrag, er det berre å møte opp. Det er det ikkje. I dag tidleg snakka eg til studentar, som ikkje har gjort noko anna å sitte på skulebenken. Det kan ikkje samanliknast med når eg skal halde foredrag her, der folka er kledd i dress og har vore ute og reist verda rundt, seier han, tydeleg engasjert, og fortsett:

– Då må ein passe på at foredraget kan tilpassast.

– Så du skriv, eller tilpassar, innhaldet i foredraga dine frå gong til gong, ut i frå kven du skal snakke for?

– Nei, det handlar om korleis ein formidlar det, kva ein legg trykk på. Difor er det viktig at foredraget er formbart frå scena, slår Team Ingebrigtsen-sjefen fast.

Ingressfoto: Gjert Ingebrigtsen og Surnadal Sparebank-banksjef Allan Troelsen.