363

Hausttur til Storhaugen i Torvik

Trollheimsporten har fått tilsendt turrapport og flotte bilder fra torsdag den 2. oktober da Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag besøkte Randi Lysø i Nestua Torvik. Her får du også info om årets siste stavgangtur torsdag 9 oktober.

 

Medan halvparten av gruppa la i veg utover forbi Fyrlykta, var Randi turleiar for oss andre og viste veg opp til Storhaugen, ein utsiktsplass knapt tre kvarters gange opp for gardane i Torvik.

Da vi kom ned, bad Randi alle 32 deltakarane inn i den store og fine stova si på sjølvbaka eplekake, men i det fine haustvêret valde dei fleste å ta matpausen ute.

 

Neste veke, torsdag 9. oktober, møtest vi til vanleg tid ved skisenteret på Vang i Røgrenda. Dette blir haustsesongens og årets siste stavgangtur. Etter turen vil Guri og Lars underhalda oss med trekkspel og felemusikk. Graut og bakels blir spandert. Alle tek med drikke. Vel møtt!

 

Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge.

 

362_690x460.jpg

Fremst av dei 32 deltakarane går Sven Ranes og Olav Øye.

 

363_690x460.jpg

Vi passerer ”Torvik Rådhus”, som står på nedsida av vegen.

 

364_690x460.jpg

 

 

368_690x460.jpg

Resten av dei 32 deltakarane tek turen utover mot Fyrlykta. Her skriv dei seg inn i trimboka.

 

376_690x478.jpg

Randi har baka to eplekaker og kokt kaffe som ho spanderer på ”gjestene”.

 

378_690x459.jpg

Stormen natt til laurdag hadde herja stygt i eplehagen til Randi -

 

379_690x459.jpg

- men enno heng det mange eple att på trea.