Barn på Surnadal folkebibliotek foto biblioteket

Har passert 100.000

103 små surnadalingar har lest 1.028 bøker og 100.876 sider så langt i sommar, melder Surnadal folkebibliotek. Så er det kanskje ikkje berre Pokemon, Norway Cup og strandliv som tel?

Surnadal folkebibliotek er med på «Sommarles»; ein kampanje som skal stimulere dei som er fødd mellom 2003 og 2009 til å lese – også i sommarferien. Det er så langt 103 surnadalingar som har meldt seg på kampanjen gjennom nettsida sommarles.no. Det utgjer 22,5 prosent av alle barn og unge i denne aldersgruppa i kommunen – den prosentvise femte beste oppslutninga i fylket og høgast av nordmørskommunane. Rindal er tett på, med 22 prosent, så interessa om «Sommarles» er tilsvarande stor der.

Dei som er med på kampanjen registerer seg som brukar på nettsida og legg der inn det dei les gjennom sommaren.

No har dei 103 surnadalingane passert to milepælar, ein liten månad før kampanjen er ferdig: Dei har lese 1.028 bøker – og totalt 100.876 sider! Det vil seie i snitt rundt 1.000 sider for kvar lånar.

Brukarane får tilgang til både oppgåver og ei spesialskrive fantasy-historie med kodeord om dei er med på kampanjen. Dessutan kan dei vinne både digitale trofe og småpremiar.

Og som ein bonus dei fleste lesarane nok ikkje er klar over: Surnadal folkebibliotek vil trekke ut 3 mellom dei 103 (eller kor mange det no blir; det er enno muleg å melde seg på!) som kvar vil få eit gåvekort til bokhandelen på 300 kroner.

«Sommarles» går fram til 1. september.

 

Foto v/biblioteket.