DSC_0856 (1)

NMS Gjenbruk på Skei

Godt frammøte på årsmøtet

Torsdag etter stengetid hadde gjenbruksbutikken på Skei årsmøte. Det er ikkje mange foreningar/lag som opplever 83% frammøte på årsmøte, men her har vi ein engasjert og framtidsretta gjeng som betjener butikken.

DSC_0856 (1).JPG
Det var årsmøte i NMS Gjenbruk på Skei på torsdag 23.mars. Sitjande frå v. Sverre Hatle, Randi Hatle, Reidunn Halle, Brynhild Tjelle, Kjellrun Heggem. Ståande f.v. Nils Magnar Torvik, Ragnhild Mikkelsen, Kjellaug Brørs, Gudrun Bele og Kirsti Skei. Fotograf var Arne Drøpping
 


2016 var i stor grad prega av at vi innførte data i vårt kassasystem,og samtidig fekk vi også kortterminal.
Vi legg ikkje skjul på at vi ønsker oss både fleire kundar og fleire medarbeidar. Vi ønsker å kome med ei spesiell utfordring til Rindal. Vi har 2 medarbeidar frå Sunndal, men ingen frå Rindal. Når medarbeidarane er frå eit større område vil kontaktnettet også lett bli større. Vi kan lokke med spennande arbeidsmiljø og 0 i løn. Ferske pensjonistar på leiting etter noko nytt og meiningsfullt å engasjere seg i er ei høveleg målgruppe for oss.

Pengane vi får inn blir bruka i Misjonsselskapet sitt arbeid i mange land og verdensdelar. Men vi har også eit stort engasjement for gjenbruk og ressurssparing som ein viktig livsstil for oss i rike Norge. NMS Gjenbruk er i stadig vekst og i april blir butikk nr. 50 opna. Ein av dei siste som har opna er Oppdal. På januar 2017 opplevde konsernet ein vekst på 50% samanlikna med januar i 2016.

Denne våren har også NMS Gjenbruk ein aksjon i gang med innsamling av små radioar som som skal gjenbrukast i Kamerun når FM ikkje lenger er så aktuelt i Norge. Dette har vi skrive om før på Trollheimsporten. Radioar kan levarst i butikken og vi ønsker 50 kr til frakt. Ole Trygve Foseide er kontaktperson i Rindal.

 

Tekst og foto: NMS Gjenbruk på Skei.