julenatt tone

Glad nyheit til beboarar i Surnadal og omegn

Både Ranes og Øye Sokneråd og Vårsøghelga arrangerer adventskonsertar 11. desember. Vårsøghelga har beslutta å flytte sin konsert "Levd liv og Tone" i Stangvik kyrkje slik at folk kan rekke å gå på begge konsertane. - Fleire vi har snakka med har vore opptekne av dette, så vi valte å gjere det slik at det ikkje blir kollisjon, seier Gerd Ingrid Kvendset.

-Vi vil legge tilrette for at det skal vere plass til små og store kulturaktørar, ein retteleg vinn-vinn situasjon. Fint at vi kan samarbeide på denne måten, slik at det kjem positivt ut for alle aktørar og publikum, sier Kvendset som er dagleg leiar i Laget Vårsøg.

Konserten i Ranes kyrkje startar kl. 16.00, og "Lev liv og Tone"  i Stangvik Kyrkje startar 19.00.