stranda knut ola2_690x535

Gjør Comeback for Surnadal

Knut Ola Høvik vender heim til Surnadal IL. Det er klart etter at overgangen hans frå Sogndal-klubben Fjøra FK gjekk i orden fredag. 22-åringen flyttar heim rundt månadsskiftet mai/juni, og sjølv om han er speleberettiga for SIL frå og med laurdag er han dermed ikkje aktuell for kampen mot Elnesvågen 23.5.

Høvik har i ei årekkje vore ein av dei beste fotballspelarane på Indre Nordmøre, og sidan debuten for Surnadal i 2008 har han spelt bortimot 100 A-kampar - dei fire siste på utlån frå Fjøra i 2013-sesongen.

Allereie som 17-åring i 2009 vart Knut Ola kåra til Årets spelar på A-laget til SIL.

Glad for å vere tilbake

Spelaren sjølv er storfornøgd med å ha signert for Surnadal:

- Eg er utruleg glad for å vere tilake i moderklubben og for å kunne ikle meg den blå drakta igjen. Det er vel det eg har sett mest fram til etter at eg flytta til Sogndal, seier Høvik, som understrekar at det samtidig er vemodig å flytte frå Sogndal, ettersom han og har trivdest veldig godt i Fjøra FK.

Der har han vore kaptein for 4. divisjonslaget, som i 2014 enda på andreplass etter å ha kjempa med Florø 2 om opprykk til 3. divisjon.

Trur på god sesong

Knut Ola kan spele både stoppar og sentral midtbane, og har stor tru på mykje Surnadal-jubel i 2015!

- Eg trur vi kan få ein god sesong, og gutta har allereie vist at Surnadal blir å rekne med i toppen. Samtidig skal vi hugse at vi har eit utruleg ungt mannskap, så prestasjonane våre vil nok variere frå kamp til kamp, seier Høvik, og legg til:

- Opplegget ser ut til å vere betre enn på mange år, med stort støtteapparat og eit veldig engasjement rundt klubben. Det er noko alle spelarar sett pris på.

Slit med skade

Dessverre har Knut Ola slite med ein lei ryggskade denne sesongen. Det er difor uklart akkurat når mannen som nok ein gong var med på å vinne Surnadal IL sin tradisjonelle Romjulscup med kameratlaget Høkkert IL i 2014, gjer comeback i kamp.

Han varslar likevel at han har planer om å vere på plass på treningsfelstet i starten av juni.

Vi ønskjer Knut Ola Høvik hjerteleg velkommen tilbake til Surnadal IL, og gler oss veldig til å sjå han i aksjon på Syltøran igjen!

Det skriv Surnadal IL på sin heimeside  www.surnadalil.no

bergsøy knut ola_550x631.jpg

Knut Ola i aksjon mot Bergsøy i 2011