Ola Sæther 690

Gir ut bok om grenda si

I ein alder av 82 år gir Ola Sæther ut boka ”Grenda vår”. Og grenda er Austgrenda i Romundstadbygda. Tirsdag 3. juli får du treffe forfattaren og kjøpe boka på Rindal skimuseum.

Som så mange andre investerte også Ola Sæther i PC som pensjonist og lærde seg å bruke denne. Sætherkarana har i generasjonar vore skriveføre menn. Far til Ola kjøpte seg skrivemaskin da han nådde pensjonistalder og skreiv ned minner frå barndomen. I tillegg satt Ola på stoff som onkel til faren, Sivert Sæther, hadde skrive. Han emigrerte til Amerika i 1903 og skreiv om overfarten dit og om livet ”over there”. Etter eit langt liv som gardbrukar har Ola sjølv tilegna seg mykje både kunnskap og erfaring om utviklinga i jordbruks-og bygdeliv, og dette vart det bok av. - Etter å ha blitt ”stert opp”, som han sjølv seier.
 

Boka er inndelt i 4 kapittel. I første kapittelet skriv Ola Sæther om utviklinga på bygda, i dette tilfellet Austgrenda i Romundstadbygda. Om geile, trøågard, torvutgard og kalvhåggå, om kringnålband, kringhess’ og pjaks, uttrykk som vil vere framandord for den som veks opp i dag, og om daglegliv i grenda før og no. Austgrenda, som strekker seg frå Storlia til Sætra, kan høyrast smalt ut, men livet der var vel ikkje stort annleis enn i andre grender i bygda.
 

I kapittel 2 er det far til Ola som kjem til orde med ”Minner frå barndomen”, nedskrivne erindringar frå somrane som gjetargut, frå han debuterte som litlgjetar som 5-åring i Bjønnaråa i 1908 til han avslutta gjetarlivet som 11-åring. Dei fleste av oss har ein forfar som har vore gjetar, og kan i dag vanskeleg forestille oss korleis kvardagslivet var for desse små, både psykisk og fysisk. Her får vi ei usminka skildring om kvardagen på setra, og nokon søndagsskule var det ikkje.


3. og 4. kapittel er via Sivert Sæther. I alt var det eit 40-tals personar fra Romundstadbygda som vart smitta av Amerikafeberen og forlet familie og grenda si i håp om utkome og eit betre liv på andre sida av det store havet. Ein av desse var Sivert Sæther. I 1912 kom han heim att og gav seg til eit års tid. Med seg frå Amerika hadde han nymotens fotoutstyr og brukte mykje tid til å fotografere både i Trollheimen og Rindal. Bilda er tekne vare på og er i dag verdifull dokumentasjon av Rindalsbygda på den tida, og mange av bilda hans er bruka som illustrasjonar i boka. Etter Sivert Sæther finst og nedskrivne beretningar om ”Den dag jeg dro av sted” og ein del Amerikabrev som er attgjevne i boka. Om det lyktest Sivert Sæther å finne ”The Streets of Gold” i det nye landet, ja, det finn du ut om du kjøper boka.
 

Bok 690.jpg

Tirsdag i Kulturvøkku, 3. juli frå kl. 14, er Ola Sæther å treffe på Rindal skimuseum, der boka blir å få kjøpt. Der blir det truleg også råd for å få boka signert av forfattaren. Boka får du også seinare kjøpe både på skimuseet og på Coop Prix, Rindal.