Historie på museet:

Gard og folk i Settemsdalen

Søndag fokuserer museet i Bøfjorden på grendahistoria i Settemsdalen. Attåt ein rikhaldig biletserie får publikum høre om dei som utvandra hit frå Fjølåsen i Lensvika.

2207 a Settemsdalen NEDAFRÅ 1930-talet.jpg
Før 1938 danna gardane i Settemsdalen ein liten landsby. Her er nokre av husa sett frå vest.
 

Jens Fjølås og kona Ingeborg kom hit i 1857 og vart stamforeldre til dei fleste som no heiter Settemsdal. I persongalleriet etter dei finn vi dyktige arbeidsfolk, skreddarar, bjørnejegrar og kunstnarar.

2207 b Settemsdalen Fellesfjøs mm.jpg
Det store fellesfjøset pregar grenda i vår tid. Lengst til venstre ser vi Jensstua (Negarden), til høgre Oppigarden.
 

Lysbildelerretet formidlar oldfunn og hollendersagbruk, Hjelmendress og robotfjøs, juletreplantasje og tjørebrenning.

2207 c Settemsdalen HJELMENDRESS.jpg
Konfeksjonsfabrikken «Settemsdal AS» sysselsette mange. Her viser Helge Settemsdal fram ein «Hjelmendress».

2207 e Hjelmkona To gruvehol.jpg
På fjellet Hjelmkona finst enno merke etter gruvedrifta rundt år 1800. (Foto: Solvår Skogen Sæterbø)

2207 f Settemsdalen TJØRE 1991.jpg
Erik Settemsdal avslutta ein lang tradisjon da han brente tjøre på gammelmåten i 1991. Her renn det ekte «settemsdals-tjuru»!
 

Kvinneprofilane Dordi-Dørdi og Grøtan-Gurå blir presentert. Like eins den store bureisinga i Slettå på 1940-talet og smeden ved Liabekken som gjorde alt frå tømmerkliper til rattkjelkar.

2207 g Settemsdalen SMEDVA RER.jpg
Smeden Sigurd Meisingset laga det meste – rattkjelkar, tømmerkliper og det meste der imellom.
 

Før bjønnastøtta snart hamnar i Trøndelag, er historia om Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen spennande tradisjonsstoff som hører Settemsdalen til.

2207 d Settemsdalen Bjønnastøtta.jpg
Bjønnastøtta fortel 1700-talshistorie frå bygda.
 

Joar Tøndel frå Lensvik Historielag fortel om dei tre brørne som drog ut i verda frå hans heimbygd. Den eine drog langt. Dei to andre har mange etterkomarar i Halsa og i Settemsdalen.
 

2207 Plakat Museet.jpg


Alle foto (unntatt bildet frå Hjelmkona) er frå arkivet til Bøfjorden Historielag

 

Innsendt av Bernt G. Bøe