IMGP2815

Frå Bluesfestival til Sildballfestival

Etter å ha smaka «ikornpess» på Nidaros bluesfestival i går kveld, delte Tor Erik Jenstad andre «saftige ord og uttrykk» med rindalingar og folk frå nabobygder på Rindals-Trolls Sildballfestival! «Det går berre oppover», sa han. Før og etter den verbale delen, smurte han ørene våre med trekkspellmusikk i lag med Unni Ulltveit på blokkfløyte.

 


Jenstad introduserte seg og spela seg inn hos publikum med ein pols etter Rolf Storholt (frå Rindal) før sjølve kåseriet. Han arbeider no med Norsk ordbok 2014, og mange kjenner han også frå Dialektmagasinet på NRK-Trøndelag.  


 

Temaet til Jenstad var «Saftige ord og uttrykk». Først definerte han kva «saftig» kunne bety. Han viste til ulike ordbøker at det for det første betyr «full av saft». Men det har også fleire andre tydingar, - som djerv, dryg, halvgrov, svær og til sist i danske ordbøker – uhøvisk, plump. Kanskje vi kom til å halde oss mykje til den danske tydinga! Han unnskyldte seg med at om språk og uttrykk vart for saftige, så var dei ikkje hans: Han bar berre fram sitat.


 

Han gjekk så igjennom ulike område og gav eksempel på saftige, skildrande uttrykk som mange i salen kjente seg att i, og i alle fall forstod!

Om kroppen, « - han var så snau i haua som omvendt kaldgraut» – «så vindaugd at tåråinn rann i kryss over navlen».
Om dårleg dansepartnar: «Å dans med ho va som å kjør berrmeidd!»
Ein grov omtale av ein som ikkje hadde så mykje å fare med: «Han ha hjerne som kneskjela til ei linerle!»
Under uttrykk i samband med mat og drikke, kom uttrykket «ikornbrennvin» som visstnok ikkje var noko tess, anten pga styrke eller mengde.


 

Fleire gonger minte han oss – og seg sjølv på «- at dette er ikkje mine ord, det er berre sitat», og slik vil nok dei fleste av oss forhalde oss til mange av uttrykka vi fekk servert.


 

Ellers var ikkje Jenstad imponert over språket til dagens forfattarar. Det var lite «saft» i språket deira, truleg fordi dei heldt seg unna norske dialektar. Han kalla det eit språk i korsett og tvangstrøye!


 

Tor Erik Jenstad med trekkspel fekk med seg Unni Ulltveit på blokkfløyte og runda av programmet med to låter. Først «Fiskartrall» av Egil Storbekken som var fødd i mai for 100 år sidan. Der fekk fingrane fart på seg over blokkfløytehola! Sidan ein Olagut låg i vogna si rett framom musikarane, avslutta dei med ein fin, roleg bånsull frå Hitra.


 

Fyndord:

Han som grunnla sivilisasjonen var han som bruka skjellsord i staden for å slå i hel!