Folksomt på kappekurs

Skogeigarlaga i Rindal og Surnadal arrangerte fredag kappekurs for laftetømmer på Solem Sag i Surnadal. Mesta 40 tøffe skogsfolk frå heile området trossa kulden og møtte fram.

IMGP1848.JPG
- Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd at så mange ville møte til kurs i dag, sa Alf Bjarte Aasgård, da han ønska velkommen til kappekurs for laftetømmer på Solem Sag i Surnadal fredag. Mesta 40 tøffe skogsfolk frå heile området trossa kulden og møtte fram.

IMGP1851.JPG
Georg Solem (over) ønska velkommen til Solem Sag og orienterte om det dei dreiv med der. Dei tek imot mykje tømmer til laft og har interesse av at tømmeret som blir levert er best muleg kappa for lafting.

Solem Sag tek imot rundt 3,5 tusen kubikkmeter med tømmer i året no. I rekordåret 2007 tok dei imot 6 000 kubikkmeter. Omsetninga ligg på 8-10 mill.kr. Og dei har 5-6 tilsette. Laft og villmarkspanel er hovudprodukta. Dei leverer 6, 8 og 10 tommars laft.
IMGP1854.JPG
Anton Skei (over) frå Norsk Virkesmåling tok seg av kursing. Han har området frå Søre Sunnmøre til Trondheimsfjorden som arbeidsområde. Det er viktig at skogbrukarar og entreprenørar held seg oppdatert på reglar og krav til kva som skal til for at tømmeret kan brukast til lafting. Og reglane endrar seg. Derfor må ein ha slike kurs.

Norsk Virkesmåling er nøytral part og føretek volum- og kvalitetsmåling av tømmer som bli levert av skogeigarane.

IMGP1874.JPG
Siv Halle (over) frå Todalen var einaste kvinna som møtte på Solem Sag. Ho driv i skogen på Hjellnes i lag med far sin. Ho har meldt inn to lass skurtømmer og litt slip denne vinteren. Elles kunne Per Egil Rønning frå Allskog fortelle at talet på kvinner som skogeigarar stig bratt. Tømmerhogginga derimot, er det entreprenørar med store maskiner som tek meir og meir over.

IMGP1852.JPG
Anton Skei tok kursdeltakarane med seg rundt og viste korleis han vurderte kvaliteten på ulike furustokkar, og deltakarane følgde intersserte med og fekk svar på spørsmål undervegs.

IMGP1853.JPG
Her har vi kryssa av ein stokk som ikkje er bein nok og ein som har rotten marg.

IMGP1856.JPG

IMGP1857.JPG

IMGP1859.JPG
Det er inga hjelp i dette bildet, men Anton Skei og Georg Solem såg at denne stokken hadde vokse vridd og var ubrukbar til laft.

IMGP1862.JPG

IMGP1864.JPG
Engasjerte skogsfolk!

IMGP1868.JPG
Her kan du telje årringane på denne furustokken.

IMGP1873.JPG
Både bålpanna og kaffebegeret gjode godt denne kalde dagen.

IMGP1869.JPG
Aldri smakar kaffen betre enn frå svartkjel ute når det er kaldt!

IMGP1879.JPG
Ledaren i Rindal Skogeierlag gledde seg over wienerbrød til varm kaffe.

IMGP1884.JPG