Folksomt på Furkunnjmat-boklansering

Søndag kveld inviterte Britt Grete Moen til Husselskap og bokopning, også kalla bokslepp, i reine hageselskapsstil! Over 40 gjester fylte kjøken og stover i heimen hennar på Rindal Vestre.

Det var den offisielle opninga av den tredje boka i serien Furkunnjmat, med tilleggstittel Naturligvis. Gjestene var folk som på ein eller annan måte hadde vore med og gjort boka muleg, og matskribenten Britt Grete Moen ønska å takke dei på denne måten.

Mange har nok alt sikra seg boka under Rindalsmessa. 

2019-11-10 17.52.52.jpg
Det var ein glad forfattar som ønska medhjelparane sine velkomne til denne boklanseringa.

2019-11-10 17.56.40_690x375.jpg
Og her er den offisielle og høgtidelege opninga av matboka Furkunnjmat - Naturligvis!

2019-11-10 17.58.16.jpg
Da var det naturleg at fotografen Mari Næss Bolme og designeren Cecilie Leiseth Skipnes fekk den første og største takken.

Deretter vart dei fremste bidragsytarane kalla fram i tur og orden og fekk eit eksemplar av boka.

2019-11-10 18.01.48.jpg
Turjentene Lena Bakken, Kari Mette skjølsvild, Siv Bakken og Eli Landsem Solvik.

2019-11-10 18.02.47.jpg
Ann Elin Hess Brønstad, samarbeidpartner på kjøkenet på Rindal Skimuseum.

2019-11-10 18.05.02.jpg
Museumsvenner på Rindal Skimuseum med Dagny Karlstrøm (nedafor) i spissen

2019-11-10 18.06.18.jpg

2019-11-10 18.07.23.jpg
Solveig Haglund på Oppistua Øye hadde også vore til stor hjelp og inspirator på grøn mat.

2019-11-10 18.10.27.jpg
Inger Lise Kvikne frå Storkvikne Gård vart takka for bruk av hage under fotografering.

2019-11-10 18.12.12.jpg
- Ingrunn Snuruås har vore ved sida mi allvæg! 

2019-11-10 18.14.00.jpg
Om serveringa er det berre godt å seie, friskt og velsmakande, sjølv om skanksuppa var koka på fire år gammal skank! Vi går inn for studering av dei gode tekstene i boka, og for utprøving av oppskriftene med friskt mot, naturlegvis!

Furkunnjmat Naturligvis_690x690.jpg
Til slutt må vi nemne opplysninga Britt Grete kom med om framsida på boka: Bildet måtte naturligvis vere ute, i det grøne, men ugraset rundt henne skulle fortelle oss at vi ikkje blir kvitt henne så lett!

Boka Furkunnjmat - Naturligvis får du kjøpt hos forfattaren og hos ARK på Orkanger foreløpig. Opplaget er på 2000, og over 500 er seld!.