Header

Flott kor-konsert på NoFo

Denne sundagskvelden inviterte Vox og NOFO-koret til korkonsert i storsalen på Nordmøre folkehøgskule og mange hadde teke turen denne litt sure og kalde novemberkvelden. Det vart nok å varma seg på, i form av vakker korsang!

Kora hadde med seg Jon Lotterud, som foruten at han trakterte flygelet, òg hadde lage dei fleste arrangementa til songane. Lotterud kjem frå Gjøvik og har vore mange gonger på besøk på NoFo for å halde seminar for elevane. Han har lang fartstid som musiker, komponist og arrangør. Han opna sjølv konserten med «Blackbird» av Beatles. Sjølv om dette er ein typisk gitarsong, fungerte det ypperleg med piano-komp òg!

Konserten fortsatte med to songer av NoFo-koret. Første song var «Blue moon» kor det og sneik seg inn nokre strofer frå «Eg ve te Bergen». Artig arrangert! Dei avslutta med Beatles` «With a little help from my friends»

Frå då av var det koret Vox det handla om, og dirigent Rolf Arne Berg losa oss trygt gjennom kveldens program. VOX har verkeleg vorte eit flott kor og  leverte ein meget vellydande opptreden. Dei hadde fleire songar med forskjellige solistar, noko som viser kvalitet!

For å trekkja fram nokre høgdepunkt, må «Don`t give up» og VOX`s sikkerstikk « Man in the mirror» nemnast. Solistane Toril Moe og Øystein Bondhus har stemmer som, etter mi meining, er noko av det beste som distriktet kan tilby! Ypperleg levert!

Kvelden blei avslutta med at begge kora ilag, framførde «True colors» og «Vivala vida» med solistane Monica og Benjamin frå NoFo-koret. Dette avslutta ein flott konsert, og eg vil tru mange var einige i det publikummar, Torgrim Tunes, sa på klingande nordnorsk etter konserten; Æ har moillj-kosa mæ!

Vi får berre håpa på fleire slike konsertar, for dette var ein triveleg kveld!

Øystein og Vox.JPG
Solist Øystein Bondhus og VOX

Jon Lotterud.JPG
Jon Lotterud

NoFo-koret.JPG
NoFo-koret

Solist Halvor.JPG
Solist Halvor Drøpping

Solist Kristen Arne Sætherbø.JPG
Solist Kristen Arne Sætherbø

Solist Øystein og Toril.JPG
Toril Moe og Øystein Bondhus