Fjorddag i Bøfjorden

Søndag er det ny Fjorddag. Og «I fjordabåtens kjølvann» kjem sundbåten Framnæs frå Kristiansund via Halsa til Bøfjorden - der sjøen og museet er arenaer for yrande liv av det ramsalte slaget.

Fjorddag i Bøfjorden 2014 plakat.jpg

«I fjordabåtens kjølvann»

«Framnæs» går frå Piren i Kristiansund med passasjerar kl. 8.15. Etter Talgsjøen og Årsund legg sundbåten til ved ferjeleiet på Halsa. Her kan nye passasjerar  stige ombord.

Turen vidare frå Halsa (avgang  11.30) til Bøfjorden blir kommentert av lokalkjent guide som formidlar både drama og humor langs fråflytta plassar «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».


Historisk med kyrkjebåtroing

I samarbeid med Bøfjorden Historielag ønskjer sundbåt-entusiastane at rtiktig mange leitar fram klede frå «dampen» si storhetstid – fram til 1950-talet. Det vil skape ein flott atmosfære både ombord og på land og bidra til historisk sus over dagen.

Ilabukta er sentrum for aktivitene i Bøfjorden. Her ligg kyrkjebåtane «Hjelmkonnå» og «Halsabrura» klare til historisk rotur over fjorden – slik det var før Bøbrua kom for 50 år sia. Småbåtar og «Framnæs» følgjer roinga på nært hald.

Saga i Ilabukta er kafeteria med pølse og kaffegodt under arrangementet, og restauranten på Elvaneset byr på middag.


Fjordcruise og kåseri               

Etter kyrkebåtroinga går «Framnæs» på guida fjord-cruise innover den idylliske og historisk spennande Åsskardfjorden.

Fjorddagen blir avslutta på Bøfjorden Sjøbruksmuseum – med kaffekos og biletkåseri, nettopp om  «Fjordabåtane - Hundre år med Dampen».
 

Fjorddag a_690x425.jpg
Framnæs og kyrkjebåtane vil skape stemning søndag – som her under Fjorddagen 2013. (Foto Stein Sættem)

Fjorddag b_690x497.jpg
Velkomne til rikhaldig Fjorddag, seier Ragnhild Skrøvset, Gunnvald Bøe, Gunnvor Bøe og Inger Lise Heggem i Bøfjorden Historielag. (Foto Bernt Bøe)

Fjorddag c_690x438.jpg
«Framnæs» ved kai på Bølandet. (Foto Bernt Bøe)

Fjorddag d_690x447.jpg
Ved museet tøffar Sabben i år som i fjor. Frå venstre Jostein Bårdset, maskinist Odd Ragnar Bekken, Bjørn Hovde og Erik Moen. (Foto Bernt Bøe)

Fjorddag e_690x523.jpg
Bernt G. Bøe (med mikrofon) er lokalkjent guide på fjordcruiset.


Tekst: Bernt G Bøe