per edvin

Fire tonn laks tatt i Surna så langt

Medan totalfangsten av laks i Surna i fjor var på 3,1 tonn, har den no - berre litt over halvvegs ut i årets sesong - allereie passert 4 tonn. Sjølv med lita vassføring og mange fiskarar med full eller nesten full kvote, vart det i forrige veke teke 128 laksar med ei samla vekt på 573,3 kilo.

Kiloa går nedover da smålaksen har teke over mer av antalet. "Det er gledeleg at vi no har gjenutsatt over eit halvt tonn med laks", melder nettstaden surna.no.

Av dei 128 laksane som vart landa i Surna i veke 28 (12.-18. juli), var 32 på under 3 kilo. 76 laksar var i mellomvektklassen (3-7 kilo), medan 20 var på over 7 kilo. Det vart også teke 37 sjøaurar med ei samla vekt på 56,8 kilo.

Bildet viser Per Edvin Stene (12 år) som fredag klarte å få i land ein laks på 7,1 kilo på Røv.

Total laksefangst i Surna dei siste åra:

2005: 5171 kilo

2006: 4679 kilo

2007: 2582 kilo

2008: 3734 kilo

2009: 3122 kilo.