Festdag i Bøfjorden

Barna prega nasjonaldagen i Bøfjorden også i år. Og dugnadsveteranar fekk heiderspris frå historielaget.

Dagens starta med stor oppslutning om toget til Bølandet og fellesfrukosten på skulen – servert av Åsskard Bygdekvinnelag. Etter gudstenesta i Åsskard-kyrkja var det mat og kaffe i grendahuset og ymse uteaktiviteter – mellom anna støvel-kasting (!) der både små og store imponerte.

Festdag b Tale ved Gunnvald (Foto Bernt G. Bøe).jpg
Gunnvald Bøe var nasjonaldagens festtalar. (Foto: Bernt G. Bøe)

Gunnvald Bøe heldt festtalen og slo fast at Bøfjorden både har rike tradisjonar å ta vare på og er eit aktivt lokalsamfunn med livets rett. Dette siste vart til fulle bevist da den stadig veksande barneflokken i bygda entra scena med friske innslag av songar og eigne dikt.

Festdag a Barn (Foto Bernt G Bøe).jpg
Dei yngste imponerte med song og dikt og viste at dei er framtida i bygda! (Foto: Bernt G. Bøe)

Festdag c Pris(Foto Nonnon Heggem).jpg
Paul Bøe tek ordet og takkar for Trollbakkprisen, som juryleiar Randi Bøe tildelte han og Oddmund Gravvold (til høgre). Leiar i Bøfjorden Historielag, Bernt G. Bøe, til venstre. (Foto: Nonnon Heggem)
 

Eit høgdepunkt på festen var utdelinga av prisen som Bøfjorden Historielag kvart år gir til nokon som har gjort ein særleg innsats for bygda. Denne gong gjekk «Trollbakkprisen» til dugnadsveteranane Paul Bøe og Oddmund Gravvold. Dei har gjort oppofrande gratisarbeid i mange år - med reising og vedlikehald av felleshus og idrettsanlegg og med deltaking i lag og organisasjonar. Forsamlinga gav enorm applaus da dei to mottok gåve og diplom frå leiar i juryen, Randi Vetleseter Bøe.


Bodil Kvam Aasbø har sendt oss dette videoklippet:

Tekst: Bernt G. Bøe