Hjertestartar Surnadal Sjukeheim

Fekk hjertestartar i gåve

Surnadal bygdekvinnelag har kjøpt hjertestartar og dekt opplæring for 27 tilsette ved Surnadal sjukeheim. Sjukeheimen vil rette ein stor takk til bygdekvinnelaget for gåva.

I veke 13 vart det gjennomført kurs ved Surnadal sjukeheim, der Andreas Egeness var kursleiar. Alle som fekk godkjenning frå Norsk Recuscitasjonsråd til å behandla plutseleg og uventa hjertestans har vore gjennom eit eLæringskurs med påfølgjande praktisk opplæring. På bilde er gjevarane frå bygdekvinnelaget saman med kursleiar og nokre deltakarar.

Frå bygdekvinnelaget møtte Serine Heggset (leiar), Bodhild Heggset (nestleiar), Brit Holte, Liv Oline Heggset og Magna Moe.

Hjertestartaren er registrert i Hjertestartarregistret på www.113.no

 

Foto: Surnadal sjukeheim.