nils petter tonning og surnadal frp 1 ps

Får drahjelp av Listhaug i valkampen

Surnadal Fremskrittsparti går til val med statleg finansiering av eldreomsorg og fleire sjukeheimsplassar som to av sine høgst prioriterte saker. Som del av valkampen får lokallaget besøk av eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug.

3. september kjem FrP sin 1. nestleiar, Listhaug, til Amfi Surnadal for å prate med veljarar og gje Nils Petter Tonning og resten av Surnadal FrP drahjelp i valkampen.

– Vi trur og håpar at det kjem mykje folk når Sylvi kjem til bygda, her har folk sjansen til å treffe- og diskutere med ein veldig profilert politikar, seier kommunestyrerepresentant Tonning.

Per i dag er han den einaste frå Surnadal FrP i kommunestyret, men partiet håpar og trur at han får selskap av 1-2 representantar til etter valet 9. september.

Då partiet presenterte partiprogrammet sitt for perioden 2019-2023 torsdag, var statleg finansiering av eldreomsorg først på agendaen.

– Vi ønskjer at Surnadal skal vere med som prøvekommune på denne ordninga, seier listetopp Tonning, som får støtte frå andrekandidat Johannes Johannesson Vaag:

– Statleg finansiering av eldreomsorga fører til mindre forskjell på kommunene sitt tilbod, og vi vil på denne måten vere med på å jamne ut forskjellar. Det er jo for øvrig eit artig poeng her, at i Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum sin heimkommune, har FrP og Sp vorte samde om å utrede å bli med på denne ordninga.
 

– Treng nye auger for å ta tak i utfordringane

Og sjølv om FrP-topp Tonning er klar på at partiet ikkje vil binde seg til noko samarbeid før valet, går han langt i å antyde at han og partiet akkurat no ser for seg å støtte Senterpartiet sin ordførarkandidat, Margrethe Svinvik.

– Vi har aldri bunde oss til noko samarbeid, og vil ikkje gjere det no heller. Vi var på vippen når det skulle avgjerast kven som vart ordførar i 2015, men vi føler ikkje at vi har fått så mykje ut av posisjonen vi fekk då, seier Tonning, og får støtte av femtekandidat Svein Ingvar Wærum.

– Vi hadde sett for oss å få meir, rett og slett.

Tonning fortsett:

– Så eg føler at det kan vere greitt med eit skifte no, eg trur vi treng nye auger for å ta tak i dei økonomiske utfordringane vi har i kommunen. Det er ingen tvil om at vi må ta nokre harde tak dei neste fire åra.

Privatisering er eitt av tiltaka Surnadal FrP ser for seg for å betre kommuneøkonomien.

– Vi er for privatisering, og trur det kan vere med på å avlaste kommunen og økonomien. Då meiner vi ikkje at alt skal privatiserast, men enkelte ting, seier Tonning, og legg til:

– Ein må forhalde seg til budsjetta ein lagar. Det gjeld i privatøkonomien, og det gjeld Surnadal kommune og. Vi meiner det kan sparast mykje pengar blant anna ved å effektivisere administrasjonen.

– Vi har gått laus på dei som jobbar på golvet for å spare pengar lenge no. Det er grenser for kor langt inn på beinet vi kan gå, seier Tonning.

I tillegg peikar partiet på høgt sjukefråvêr som ein stor utgiftspost, som dei meiner det bør vere muleg å redusere kraftig.

– Eg trur det handlar om for lita bemanning, og reduksjonar på golvnivå, som igjen fører til større sjukefråvêr. Ein bør heller redusere talet på mellomleiarar, seier Wærum.

– Dette handlar nok og litt om det store behovet for open omsorg, som følgje av at det har vore lagt ned mange sjukeheimsplassar. Vi veit at vi har ei kjempegod teneste for open omsorg, med veldig dyktige folk. Men det kan bli for mykje for dei og, seier Vaag.
 

Vil ha fleire sjukeheimsplassar

Og nettopp sjukeheimsplassar er ei anna av Surnadal FrP sine hjertesaker.

– Vi har åtte sjukeheimsplassar som har vorte diskutert mykje, og som eg prøvde å behalde ved å foreslå å bruke to millionar kroner av disposisjonsfondet. No har vi allereie brukt fem millionar kroner meir enn venta i 2019, då kan vi vel bruke to millionar til? spør Tonning, medan Tonje Larsen Faksnes skyt inn:

– Det kan stå om liv, kva er vel to millionar kroner då?

Johs. Vaag er klar på at talet på institusjonsplassar i Surnadal kommune må opp dei komande åra.

– Kommunen har lagt ned 28 plassar dei siste åra. Dei fleste av desse stammar frå nedlegginga av Stangvik aldersheim, og per i dag har vi 62 plassar i Surnadal. Statistisk sentralbyrå sine framtidsprognosar viser at talet på folk over 80 går meir opp i Surnadal enn i omtrent heile resten av fylket. Kurva går rett opp!

nils petter tonning og surnadal frp 2 ps.jpg
Stian Faksnes (f.v.) Tonje Larsen Faksnes, Johannes Johannesson Vaag, Nils Petter Tonning og Svein Ingvar Wærum presenterte torsdag Surnadal FrP sitt politiske program for 2019-2023.
 

Ja til 1-7-skule og grendaskular

Skule, både nybygging på Øye, skulestruktur og grendaskular, er brennheite tema i årets valkamp. Nils Petter Tonning seier følgjande om kvar Surnadal FrP står på dette feltet?

– Vi seier eit klart «Ja» til 1-7-skule, og vil gå så langt som å seie at vi ikkje vil rasere ungdomsskulen. Skal ein bygge noko i ungdomsskulen veit ein ikkje noko om kor stor rekninga blir til slutt. Vi er nøydde til å bygge noko no, men må vi bygge den for heile kommunen?

– For vi er ikkje for nedlegging av grendaskular. Vi må høyre på kva folket meiner. Når det gjeld Todalen forheld vi oss til vedtaket der grensa vart sett på 20 skuleelevar og fem i barnehagen, seier Tonning.

Han, Tonje Larsen Faksnes, Stian Faksnes, Johs. Vaag og Svein Ingvar Wærum er alle samde i at nedlegging av grendaskular vil gjere det mindre attraktivt for folk å flytte dit.

– Legg ein ned skulen vil ingen bu der, og eigedommar og husa våre vil og bli mindre verdt, seier Wærum, som sjølv soknar til Mo.

– Hos oss er det slik at skulen spelar ei sentral rolle ikkje berre som skule, men til dømes når det er jul og 17. mai.

– Å legge ned grendaskular på grunn av økonomi er ikkje lov, seier Stian Faksnes, og får støtte av Johs. Vaag:

– Nei, skal det vere aktuelt må barnegrunnlaget svikte. Dersom situasjonen endrar seg drastisk, må ein sjølvsagt vurdere saka på nytt.
 

Nei til eigedomsskatt og busetting av flyktningar

Medan Surnadal FrP vil jobbe for 1-7-skule og statleg finansiert eldreomsorg, vil dei jobbe mot eigedomsskatt og at Surnadal skal ta imot innvandrarar.

– Vi er ikkje redde for å betale skatt, men eigedomsskatt er ein urettferdig skatt. Her støttar vi den nasjonale nedjusteringa frå sju til fem promille, og på sikt jobbe for å fjerne eigedomsskatten, seier Tonning, og legg til:

– Det er klart, at det å erstatte dei 23 millionane Surnadal kommune får inn i eigedomsskatt gjer seg ikkje sjølv, men dei konkrete forslaga våre til tiltak, effektivisering av administrasjonen og reduksjon av sjukefråvêret, vil hjelpe på.

Når det gjeld flyktningar har Surnadal FrP følgjande i partiprogrammet sitt:

Det å stille krav til innvandrere er å vise dem respekt. Krav til gjennomføring av norsk og samfunnsfag som vilkår for offentlig ytelse.

– Eg var den einaste som stemte imot busetting av nye flyktningar i Surnadal i 2019, seier Tonning.
 

– Folk må bruke stemmeretten

Todalsfjordprosjektet står og på lista over prioriterte saker for Surnadal FrP.

– Det er veldig viktig at vi får det prosjektet på beina. Det vil ha stor betydning for heile regionen, og spesielt transportnæringa, seier Nils Petter Tonning.

– Ja, her blir det spesielt viktig å sørge for at prosjektet held prioriteringsplassen sin på fylkesnivå, supplerer Vaag.

Partiet har og programfesta at dei ønskjer ei raskast muleg betring av Fv 65.

Betre marknadsføring av Surnadal som næringskommune må og til, meiner Tonning.

– Her har vi SuSu-prosjektet, som vi må utfordre til å vere mykje meir synlege, og vise kva dei eigentleg gjer – dei får tross alt støtte både frå fylket, næringslivet og kommunane her. Dei og vi må stå på for å få folk til å ville etablere seg i Surnadal.

– Vi har veldig mykje positivt å vise fram her i bygda, både av aktivitet og anna, seier Stian Faksnes, medan Johs. Vaag understrekar den viktige rolla til frivilligheita i kommunen.

Vaag og partikollegane rosar innsatsen til listetopp Tonning.

– Surnadal FrP er veldig heldige som har ein så dyktig, arbeidsom og aktiv lokallagsleiar som Nils Petter. Han står på både i kommunestyret og på fylkesnivå, seier Vaag, og får støtte frå Tonje Larsen Faksnes:

– Det er slik at ein kan lure på når han har tid til å sove!

Partiet håpar no at folk brukar stemmeretten sin, og på eit godt FrP-val, der Tonning får med seg minst ein partikollega i kommunestyret i Surnadal frå september av.

– Folk må bruke stemmeretten sin, det hjelper ikkje å sitte heime og tenke at «Kvifor skal eg stemme – kva er vel ei stemme frå eller til?», seier Stian Faksnes.

 

Surnadal Fremskrittsparti er medlem av Trollheimsporten.