tp_leserinnlegg

Eldreomsorg i Surnadal

Eldreomsorg er og blir ei stor utfordring for Surnadal kommune i åra frametter. Ein kan stille seg spørsmålet: Er vi godt nok budd på oppgåva?

Bakteppet er følgjande: Surnadal kommunestyre sitt fleirtal vedtok 14. desember i fjor å legge ned 8 sjukeheimsplassar for å få kommunebudsjettet for 2018 vel i hamn. Etter ei gradvis nedtrapping er no desse sjukeheimsplassane tatt ut av bruk. Frå før har Surnadal kommune lagd ned 20 institusjonsplassar. 15 av desse skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Dei 5 andre var nedlagde sjukeheimsplassar ved Surnadal sjukeheim. Med dette er det til saman blitt 28 færre institusjonsplassar på få år i Surnadal!

Framskrivingatala frå Statistisk Sentralbyrå er klåre. Allereie frå komande år vil vi i Surnadal få ein stor auke i talet på 80-åringar. Fram mot 2030 syner grafane ei bratt kurve. Auken i talet på dei eldste eldre er større i Surnadal enn i dei fleste kommunane i fylket. Dette er ein situasjon leiaren i helseutvalet i Pensjonistforbundet og fylkeseldrerådsleiaren i Møre og Romsdal, Jon Skarvøy, har peika på ved fleire høve.

Når stoda er slik den er bør ein vere svært varsam med å redusere talet på sjukeheimsplassar ytterlegare. Tenk berre på dei demente. Desse blir det fleire av med auke i talet på dei eldste eldre. Det vil kome eit tidspunkt kor desse ikkje kan bu åleine heime. Då må det vere etablert gode alternativ.

Det er ei kjend sak at Surnadal kommune ønskjer å vri eldreomsorga over frå institusjonsbasert omsorg til meir heimebaserte tenester. Eg stiller meg spørsmålet: Er denne delen av omsorgstilbodet i Surnadal godt nok utbygd i forhold til reduksjonen i talet på institusjonsplassar?

Dei tilsette innan pleie- og omsorgstenestene utfører gjennomgåande ein framifrå jobb! Det er nærliggjande å tenkje seg at desse arbeidstakarane har mykje å gjere. Presset må ikkje bli for stort. Det kan straffe seg for Surnadal kommune.

Dei folkevalde har no ei viktig oppgåve framføre seg med å få utarbeidd eit godt budsjett i balanse for året 2019. Dei eldre må ikkje bli salderingsposten!


Johs. J. Vaag