Per og Bjørg 2_1051_cropped_1024x789

Eldrearbeidsprisen til Bjørg og Per Strand

Den første eldrearbeidsprisen i Surnadal kommune si historie gjekk til ekteparet Bjørg og Per Strand for frivillig innsats for dei eldre i Surnadal gjennom ei årrekkje. Det er den samla innsatsen til ekteparet som gjorde at eit einstemmig eldreråd gjekk inn for å gi prisen til akkurat dei.- Dei er eldsjeler som har stått på og vore med heile tida, seier Johs J Vaag i elderådet.

Den første Eldrearbeidsprisen i Surnadal kommune gjekk til Bjørg og Per Strand. Her saman med ordførar Mons Otnes som delte ut prisen på den årlege julemiddagen for eldre i Surnadal. Alle foto: Norunn Holten

Det var under den årlege julemiddagen for eldre i Surnadal at prisoverrekkinga, den første i sitt slag, skjedde. I overkant av 80 personar var til stades på Nordmøre Folkehøgskule for å delta på utdeling av Eldrearbeidsprisen, foredrag av  ordførar i Rindal, Ola T Heggem, og ikkje minst julemiddag.  Levande musikk var det også i regi Fredrik Sjøflot og Oddmund Solem.

I følgje retningslinjene skal Eldrearbeidsprisen  tildelast lag, foreiningar eller enkeltpersonar som har utmerka seg positivt med ulønna eldrearbeid i kommunen. Denne gongen gjekk altså prisen til to enkeltpersonar som gjennom ei årrekkje har gleda eldre ved rett og slett å  vera engasjerte medmenneske. Sjølv om det var også var seks andre gode kandidatar til prisen, skjøna vi på reaksjonane rundt borda at folk tykte dette var vel fortent. Valet av prisvinnarar er med på å løfta fram den typen frivillig innsats som mange gjer i det stille,og som blir sett stor pris på av dei som kjem den til gode, men som sjeldan blir verdsett i det offentlege rommet.  Vil du lesa det vi har skrive tidlegare om eldrearbeidsprisen, klikk her.

Det var trongt om plassen under julemiddagen ved Nordmøre Folkehøgskule.