alle prisvinnerne 2019

Årsfest Surnadal IL fotball 2019

Tradisjonen tru arrangerte Surnadal IL fotball sin årsfest etter sesongen laurdag 9. november. På årsfesten var det utdeling av prisar til årets spelar, årets unge spelar, årets SIL-gut/SIL-dråk, toppskårar og assistkonge/assistdronning. Andreas Dalsegg Sæter, Marte Nes og Lars Gjøra vart kåra til årets spelarar.

Ingressfoto: Alle prisvinnarane på laurdagens årsfest i Surnadal IL Fotball.

Tekst og foto: Surnadal IL Fotball

Årsfesten starta tradisjonelt med middag i restauranten på Surnadal Hotell. I år var det tapasbuffet som stod på menyen. Etter ein liten velkomst frå leiar i fotballgruppa, Ole Joar Bruset, fekk alle moglegheita til å ete seg mett og vel så det på både varme, kalde og søte rettar, før laget trekte over i Den Glade Laks, som var avsett til fotballgruppa for kvelden.

Der ynskte dagleg leiar, Sondre Ormset, velkomen før Ole Joar Bruset fekk ordet og heldt kveldens hovudtale. Han snakka, mellom anna, om den uvurderlege innsatsen som blir lagt ned av både Syltørans venner og dei øvrige som sørgar for at fotballgruppa til ei kvar tid har eit anlegg å vere stolt av.

Deretter fekk A-laget for herrer og Damelaget anledning til å takke årets støtteapparat for innsatsen i året som har gått. Vegar Brøske og Lars Mogstad takka Webjørn Holten, Øystein Bondhus og anleggsgjengen ved Svein Naustbakk for innsatsen og overrekte blomster til Webjørn Holten, som var den einaste av dei tre som var til stades. Webjørn Holten takka spelargruppa for innsatsen dei har lagt ned i året som har gått og sa at det ser bra ut for herrefotballen i Surnadal!

Ane Mogstad og Marte Nes takka damelagstrenar Erling Fiske for innsatsen og påpeikte at utan godt samarbeid med J17 hadde det ikkje gått opp med spelarar til alle kampar i år. Difor retta dei i tillegg ein stor takk til trenarane på J17, Kjetil Rønning og Sverre Fiske. Alle tre fekk kvart sitt bilde med eit spesielt vald motiv til kvar av dei. Sverre Fiske var ikkje til stades, men Erling Fiske og Kjetil Rønning fekk overrekt bileta sine og takka laga for super innsats.

Første del av kåringane var tre prisar. Til årets BUA-lagleiar, Årets BUA-trenar og Årets Profil. Årets BUA-trenar og BUA-lagleiar skal gå til ein trenar og ein lagleiar i barne- og ungdomsavdelinga som har utmerka seg litt ekstra i året som har gått. Sportsleg leiar Terje Polden delte ut prisane til årets BUA-trenar og BUA-lagleiar. Årets BUA-Trenar vart Magnar Heggset på J12. Magnar har lagt ned ein stor innsats det siste året og det har tydleg vore god utvikling både for laget og for spelarane. Prisvinnaren var offshore på jobb, men var informert om kåringa i forkant og sendte over helsingar til alle i salen via dagleg leiar.

Årets BUA-lagleiar vart Einar Holten på G13. Han har gjort litt ekstra for laget sitt det siste året, stilt opp som bussjåfør på bortekampar, som trenar når trenarane ikkje har hatt anledning og har hatt ein stor gjeng med mange ulike typar han har hatt ansvar for.  Som Magnar Heggset var heller ikkje Einar Holten til stades, men han sendte òg over ei helsing via dagleg leiar.

Årets Profil skal gå til ein som har profilert klubben på ein god måte, har gjort litt ekstra og har bidrege til god stemning i klubben det siste året. Årets prisvinnar vart Erling Fiske, for innsatsen han har lagt ned for å løfte damelaget det siste året. Etter at damelaget mista mange av sine mest profilerte spelarar og valde å flytte ned laget etter førre sesong var det viktig at årets sesong vart ei god oppleving. Fiske har skapt eit samhold og ei god stemning i laget som har påverka heile klubben positivt. Han har forlangt at alle har stilt i klubbklede når dei representerer klubben. Slik skapar god klubbstemning og bidreg til positiv profilering av klubben.

Etter kåringane var det utdeling av kretsmeisterpins til alle med tre seriekampar eller meir for damelaget og sjølv om dei frå før har fått overrekt pokalen frå kretsen var den med på årsfesten og laget fekk den igjen overrekt, men denne gongen frå klubben.

Så var det quiz. Quizen handla i hovudsak om året som har gått i fotballgruppa, med spørsmål om, blant anna, kor mange lag som har vore påmeldt seriespel, kor mange spelarar klubben har registrert og kor mange dorullsekkar som vart levert ut i årets dorullaksjon. Vinnarlaget vann kvart sitt Surnadalskort for 2020, bygdas beste rabattkort og gratisbillett på alle fotballkampar på Syltøran. Det var i tillegg ein pose twist til laget som vann kåringa av beste lagnamn. Det var tett i toppen og heile tre lag hadde lik poengsum, då vart det eit bonusspørsmål og laget Lille Mys venner var først til å finne svaret på dette og vann med det quizen.

Etter ein pause og kåring av quizvinnar var det utdeling av pokal til det andre laget som vart kretsmeister i 2019. G16 2 (7’er) vart kretsmeister dei òg. Tre av spelarane derifrå har delteke på både A- og B-laget i år og var til stades på festen, saman med trenar Magnus Stormyr. Desse fekk overrekt pokalen frå klubben, sjølv om dei òg har fått den overrekte frå kretsen tidlegare.

Årets spelar, årets unge spelar, årets SIL-gut/SIL-dråk, toppskårar og assistkonge/assistdronning skulle delast ut til både A-laget, Damelaget og B-laget.

A-laget var først ute og dagleg leiar Sondre Ormset tok seg av desse utdelingane. Prisen for årets toppskårar gjekk til Sander Smevoll, som skåra respektable 18 mål på 22 kampar! Årets assistkonge vart Frikk Hauglann Talgø, med 9 assists på 22 kampar. Årets unge spelar gjekk til Tore Bæverfjord, medan prisen for årets SIL-gut gjekk til Ørjan Nes Haugen. Begge desse prisane er kåra av støtteapparatet på laget. Til tross for å ha vore med berre halve sesongen vart Andreas Dalsegg Sæter kåra til årets spelar med god margin. Året spelar er stemt fram av medspelarar og støtteapparat i ei anonym avstemming. Etter å ha kome med i siste kampen i vårsesongen dominerte Dalsegg Sæter midtbanen i 4. divisjon ut sesongen og det å gjere seg fortent til årets spelar berre på ein halv sesong seier sitt om kor dominerande han har vore.

Deretter var det damelaget sin tur. Erling Fiske tok seg av utdelingane her. Årets toppskårar var Alice Eide Naustbakk med 10 mål på 16 kampar. Årets assistdronning vart Ine Fiske med 12 assists på 17 kampar. Årets unge spelar gjekk til 16 år gamle Karen Grytskog Skralthaug og prisen for årets SIL-dråk gjekk til Ine Fiske. Årets spelar nådde akkurat ikkje opp til toppskårartittelen, nådde akkurat ikkje opp til assistdronning, men vart av sine egne kåra til årets spelar med god margin. Årets spelar vart Marte Nes.

Til slutt var det B-laget sin tur. På B-laget er dagleg leiar Sondre Ormset spelande lagleiar og han tok seg difor av utdelinga av desse prisane sjølv. Årets toppskårar vart Erlend Ulvestad med 4 mål på 8 kampar og assistkongar vart Lars Gjøra og Steinar Gjeldnes, med 2 assist kvar, på 15 og to halve kampar. Årets unge spelar gjekk til Lars Gjøra, medan årets SIL-gut gjekk til Peder Vaseng Kvammen. Årets spelar vart på B-laget, som på dei andre, kåra med god margin. Som den einaste som har spela alle kampane for B-laget i år vart Lars Gjøra kåra til årets spelar!

Etter dette var programmet slutt, men somme vart sittande att for ein hyggeleg prat vidare utover kvelden og natta.

årets spelarar.jpg
Årets spelarar 2019: Lars Gjøra (B-laget), Marte Nes (damelaget) og Andreas Dalsegg Sæter (A-laget).

SurnadalSøyaTodalen kretsmestere 2019.jpg
Kretsmeisterar i 3. divisjon kvinner: 1. rekkje frå venstre: Beret Grytskog Skralthaug, Else Vaseng Kvammen, Ida Ranes, Emilie Brøske Rønning, Marte Nes, Lone Brøske, Ine Fiske, Stine Fiske, Marte Strand, Karen Grytskog Skralthaug, Julie Stavås og trenar Erling Fiske.
2. rekkje frå venstre: Astrid Dammen Gjeldnes, Johanne Kvendset Andersen, Hanne Dønnem, Fride Husby Haugen, Mia Settemsdal, Gunn Mari Våbenø, Andrea Eide Naustbakk, Alice Eide Naustbakk, Emma Sæther, Ane Mogstad og Oda Bæverfjord.

årets prisvinnarar damelaget.jpg
Prisvinnarar D3. Fv: Ine Fiske (Assistdronning og årets SIL-dråk,) Alice Eide Naustbakk (toppskårar,) Marte Nes (årets spelar,) Karen Grytskog Skralthaug (årets unge spelar).

prisvinnarar a-lag.jpg
Prisvinnarar A-laget. Frå venstre: Sander Smevoll (toppskårar,) Ørjan Nes Haugen (årets SIL-gut,) Frikk Hauglann Talgø (assistkonge,) Andreas Dalsegg Sæter (årets spelar,) Tore Bæverfjord (årets unge spelar.)

prisvinnarar b-lag 2019.jpg
Prisvinnarar B-laget. Fv: Lars Gjøra (årets spelar, årets unge spelar og assistkonge,) Erlend Ulvestad (toppskårar,) Peder Vaseng Kvammen (årets SIL-gut.)

G16 7er kretsmestere 2019.jpg
Kretsmeistrar med G16 i 7’er-serien. Vegard Dønnem (f.v.), trenar Magnus Stormyr, Viljar Fiske Kvande og Jonas Jordet Bergem.

toppscorere 2019.jpg
Toppskårar på alle tre seniorlaga: Sander Smevoll, Alice Eide Naustbakk og Erlend Ulvestad.

erling fiske årets profil 2019.jpg
Årets Profil, Erling Fiske.
 

Surnadal IL er medlem av Trollheimsporten.