000 Torduigen a

På research i «Gamle Torduigen»

- Denne turen gav verkeleg utbytte! Kulturforskar og librettist Sturla Leth-Olsen fann mykje interessant i Torvika – på jakt etter spor av salig «Herr Anders».

Kven er Sturla Leth-Olsen? Kort sagt: Kulturperson «per se» i området Bjugn og Ørlandet. Ustoppeleg nysgjerrig på alt av tradisjon. Slik har han skrive musikalen «Sild, synd og sang» bygd på ei slem historie om surnadalskapellanen Anders Christensen Holm (1576-1660). Forestillinga hadde premiere og fem fulle kulturhus i Bjugn i 2016. Nyoppsetting skjer no i november.

Men kven var da «Herr Anders»? Kort også om han: Prestesønnen frå Stangvika var først på 1600-talet kapellan i Surnadal. Heilt til han vart dømt for at han – som rettspapira seier - «belaa Benedigtis Datter i Torduigen». Og etter 15 riksdaler i bot for dette «Leyermaal» forflytta han seg til Ørlandet, der han i over femti år var høgt respektert prest og prost.

Med 400 års tidsavstand har Sturla Leth-Olsen bygd opp musikalen «Sild, synd og sang» rundt denne hendinga. Han har dikta inn hovudpersonen Amund, som frukt av kapellanens eventyr med dotter til Bendik i Torvika. Vidar Hoff har tonesett historia. Den utfaldar seg i sildfiskarmiljøet i Bjugn i 1630-åra – der også notfolk frå Nordmøre beviseleg deltok.
 

Naust frå Herr Anders si tid

I møte med Nils Chr. Torvik kan Leth-Olsen synfara bygningar frå Herr Anders si tid som enno er godt bevarte i Torvika. – Både naustet og stabburet er nøyaktig 400 år, bygde i 1618, seier Nils. Det ser han av dokument heime i Oppistua. Og med matstua, som er bygd enda tidlegare, står vi attmed nokre av dei eldste bygningane på heile Nordmøre.

000 Torduigen b_690x504.jpg
Sturla og Nils attmed tømmernaustet frå 1618, som gjer historia om Herr Anders nær og levande.
 

Nils tek først gjesten frå Bjugn og bøfjordingen som skriv dette, med inn i det ærverdige og velrestaurerte tømmernaustet, der storparten av stokkane altså er lagt i 1618.

Oj, er det sant? Leth-Olsen gjer store augo. Han har dokument på at båtar og mannskap frå Torvika, Stangvika og Halsa var i Bjugn på sildefiskeri i 1620- og 1630-åra. – I dette store naustet hadde dei altså båtar som segla dit!

Ved å halde saman bygdebok og lister over fiskarar som betalte sildeskatt i Bjugn den tida, ser vi at Einar Torvik i Nestua og etter alt å døme Peder og Knut i Oppistua var blant desse. Og både presten Herr Anders av Ørlandet og bror hans, Stangvik-presten Hans Christensen Holm, åtte og utrusta notbruk!

– Dette gir verkeleg innleving i musikalstoffet, smiler librettisten og tek rikeleg med bilete av landskapet, bukta, støa og nausta. – Berre så synd at kyrkjebøkene brann opp da lynet slo ned i Stangvik-kyrkja på 1700-talet. Dermed er mange av namna borte.
 

Båtar, bur og matstu

Nils er den beste guide – full av kunnskap om garden som han og slekta pietetsfullt har teke vare på. I nausta står båtar med spennande historie. Aller mest kyrkjebåten frå tidleg på 1800-talet, truleg bygd på Vågbøen. Fram til det siste har den med sine fem par årer vore ein attraksjon på pinsedagane i Stangvik. Tradisjonen med kyrkjeroing frå Torvika vart teken opp att i 1985. Og skyssbåten, som var uunnverleg før Torvika fekk veg i 1964, skal vera bygd i Bøfjorden før krigen. – Med si historie er også den verneverdig! seier Leth-Olsen bestemt.

000 Torduigen c Kyrkjebåten_690x455.jpg
Kyrkjebåten frå tidleg på 1800-talet er eit klenodium i sin klasse.
 

Verten syner oss også stabbura – det eldste også frå 1618. Dei vart seinare samanbygde til eitt. Originale trenaglar held bordkledinga langs svala på plass.

Tett attmed står matstua – som Nils meiner må vera enda eldre. Den har også fullt loft. – Kanskje var den embetsbustad for lensmannen, seier han. Ola Knutson Torvik var nemleg lensmann i Brøske tinglag rundt år 1700. – Seinare har jordbærplukkarane overnatta her, fortel Nils, som har vore blant dei største jordbærprodusentane i området.

000 Torduigen d Matstua og Buret (1)_690x385.jpg
Matstua (t.v.) og dobbel-stabburet er blant dei eldste husa på Nordmøre.

 

Bakteppe for musikalen

Full av inntrykk og ny kunnskap kan så musikalforfattar Sturla Leth-Olsen dra heim att til prøvene på årets oppsetting av «Sild, synd og sang». Bakteppet for Herr Anders, «lausungen» Amund og sildfiskarane er tydelegare enn før.

Data om «Benedigt i Torduigen» og dotter hans forsvann i brente kyrkjepapir. Men Leth-Olsen har gjenskapt eit historisk scenarium som vil fascinere nordmøringar også i dag - 400 år etter.

000 Torduigen e Herr Anders_690x917.jpg
Prost Anders Christensen Holm – «Herr Anders» (1576-1660). Etter eldre måleri.

000 Torduigen f Sagefald KLIPP_690x502.jpg
To utsnitt frå saka mot kapellanen: «Sagefald aff geistlige Personer» og dommen: «Herr Anders Christensen for hand belaa Benedigtis Datter i Torduigen. Penninge 15 Rdl.»
 

I prosteembetet på Ørlandet vart Herr Anders etter kvart ein rik og mektig mann. Med si danske kone Dorthe førte han eit stort folkhus og fekk mange born som kom seg fram i livet. Av samtidige dokument ser vi at han var høgt respektert – slik dette ettermælet lyder:

«Fuit pastor et præpositus vigilatissimus per annos qvinqvaqvit qvinqve»
(Var den ytterst omsorgsfulle pastor og prost gjennom 55 år.)

Men kulturstaben i Bjugn har løfta fram barnet han ulovleg fekk saman med jenta i Torvika. Og «lausungen» Amund er hovudperson i «Sild, synd og sang» - der ein av songane skildrar han slik:

Han hadd’ det ’kje greit, han hadd’ ingen far.
Da Bendik si dotter te dåpen han bar,
sto ho der aleine, te spott og te skam,
og han som var banfar, han vist’ seg ’kje fram.
Men lik’ vel va’n Amund som ein tå oss,
ein tå oss, ja - ein tå oss.

 

Musikalen blir framført i Bjugn Kulturhus, Botngård, 17., 18., 21. og 23 november. – Og vi har ingen ting imot at det kjem nordmøringar og opplever eit tilbakeblikk etter 400 år! seier Sturla Leth-Olsen der han tek på heimveg – medbringande mykje gammel-nytt frå «Torduigen».

000 Torduigen g SILD S S Plakat_690x838.jpg
Plakat frå oppsettinga i 2016: «Sild, synd og sang – Et sildeeventyr i Bjugnfjorden anno 1637».


Tekst, foto og research: Bernt G. Bøe