laksestart fangst 3_250x167

Bra med laks i Surna

Laksefisket har vore bra den siste tida i Surna. I forrige veke vart det landa 89 laksar, heile 41 av dei var over sju kilo. Dermed passerer totalfangsten snart eitt tonn.

Statistikken på surna.no for veke 23 konkluderer med ein svært god lakseperiode. Rapportane slår fast at det har vore mykje fisk i elva dei siste dagane.

Medan det i veke 22 (1.-6. juni) vart landa 56 laksar, vart resultatet for veke 23 (7.-13. juni) 89 laksar - med ei gjennomsnittsvekt på vel 6 kilo. Samla fangst dei to første vekene er dermed 145 laksar, med ei totalvekt på 918,6 kilo. 

Ti på topp-lista over dei største laksefangstane i Surna så langt denne sesongen, ser slik ut:

1. Finn Ove Kaldvansvik - 16,6 kg. Røv/Ytre Moen

2. Helge Dalen (bildet) - 14,5 kg. Sogge/Krangnes

3. Kristen Heggem - 14,4 kg. Honnstad/Mogstad

4. Reidar Skogly - 13,6 kg. Honnstad/Mogstad

5. Per Petterson - 13,0 kg. Tellesbø/Ranes

6. Magne Hvattum - 12,5 kg. Honnstad/Mogstad

7. Willy Bjørnerud 10,2 kg. Honnstad/Mogstad

8. Oddveig Grøtte 10,0 kg. Sogge/Krangnes

8. Jon Rodal 10,0 kg. Skei/Bergheim

10. Åke Stark 9,6 kg. Solemshølen